Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

SV-strid i Småbrukarlaget: Tar ikkje stilling til kjøttforbruk

Om forbruket av raudt kjøtt bør gå ned eller ikkje tar styret i Småbrukarlaget ikkje stilling til. Tilbakeføring av myr får derimot tommelen ned.

Kjøttkutt: Kjersti Hoff (t.h.), leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag, seier dei som faglag må halde seg til kva folk faktisk vel å ete. Kåringa av SV som beste parti er nå fjerna frå heimesidene til Småbrukarlaget, men Hoff vil ikkje seie om dei angrar eller meiner SV ikkje lenger har den beste jordbrukspolitikken. Her frå landsmøtet for nokre veker sidan. Foto: Lars Bilit Hagen
Kjøttkutt: Kjersti Hoff (t.h.), leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag, seier dei som faglag må halde seg til kva folk faktisk vel å ete. Kåringa av SV som beste parti er nå fjerna frå heimesidene til Småbrukarlaget, men Hoff vil ikkje seie om dei angrar eller meiner SV ikkje lenger har den beste jordbrukspolitikken. Her frå landsmøtet for nokre veker sidan. Foto: Lars Bilit Hagen

Etter ei rekke omstridde forslag frå Sosialistisk Venstreparti (SV) har det blussa opp ein heftig strid i Småbrukarlaget, som kåra SV til beste parti på jordbrukspolitikk kort tid før stortingsvalet i haust.

På grasrota og blant tillitsvalde har fleire tatt til orde for at kåringa må trekkast og at Småbrukarlaget må markere tydeleg avstand til SV-politikken og partiet.

Tar ikkje stilling

Som svar har styret i Småbrukarlaget laga ein uttale som ifølgje leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, er vedtatt einstemmig.

Hoff har sjølv vore SV-politikar i heimkommunen Løten i 12 år, derav åtte år som varaordførar for partiet.

Uttalen tar føre seg både partikåringa før valet og to av klimatiltaka som SV går inn for på jordbruk, nemleg tilbakeføring av jord til myr og reduksjon på kjøtt.

Medan SV tar til orde for store kutt i forbruket av raudt kjøtt, som kan fjerne to tredelar av alle sauer og ammekyr her i landet, så tar ikkje Småbrukarlaget tydeleg stilling til om dei meiner forbruket av kjøtt bør reduserast eller ikkje.

Det Småbrukarlaget skriv om forbruket av kjøtt her i landet er at dei meiner det skal vere «norsk kjøtt produsert på norske grasressurser og annet fôr som ikke kan benyttes til menneskemat». Dei skriv òg at produksjonen skal vere «tilpasset det norske ressursgrunnlaget og det volumet den norske befolkning ønsker».

Når det kjem til reduksjon av den norske kjøttproduksjonen derimot, så skriv Småbrukarlaget at det «ikke er et klimatiltak som er ønsket av NBS».

– Må sjå på importen

På spørsmål om uttalen betyr at Småbrukarlaget er ueinig med SV om reduksjon i kjøttforbruket, så svarar Hoff slik:

– Det betyr det som står der. Vi har sagt heile tida at kjøttforbruket bør vere mest mogleg basert på kjøtt produsert på norske grasressursar og anna fôr som ikkje kan nyttast til menneskemat, at produksjonen må tilpassast ressursane og volumet befolkninga ønsker og at reduksjon av produksjonen ikkje er ønskeleg, seier Hoff.

– De skriv at reduksjon i produksjonen ikkje er ønskeleg, men ikkje kva de meiner om redusert kjøttforbruk?

– Nei, men det står òg at vi ønsker at forbruket skal vere på norsk kjøtt.

– Er Småbrukarlaget imot redusert forbruk av raudt kjøtt?

– Det har ikkje vi i styret... eg har ikkje anna enn uttalen. Vi som faglag må halde oss til kva folk faktisk et. Så er det rettare at kjøttet er produsert på norske grasressursar enn at det er importert. Viss vi ikkje får gjort noko med importreglane vi har, så kan det føre til redusert kjøttproduksjon. Det meiner vi er heilt feil.

«Vi som faglag må halde oss til kva folk faktisk et»

Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag
SV-strid: Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, fortel at uttalen frå styret er einstemmig. Foto: Lars Bilit Hagen
SV-strid: Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, fortel at uttalen frå styret er einstemmig. Foto: Lars Bilit Hagen

– Korleis skal de få reduksjonen til å kome på import og ikkje norsk kjøtt?

– Det har eg ikkje gode svar på. Vi må sjå på handelsavtalar og sjå på kva som er mogleg.

– Skal Norge seie opp internasjonale avtalar som pålegg tollfrie kvotar?

– Vi har sagt til regjeringa og Stortinget at dei må sjå på dei handelsavtalane vi har, sjå kva som kan reforhandlast og iallfall ikkje inngå nye.

Ressursgrunnlag: Mest mogleg av maten bør produserast på norsk fôr, ifølgje Småbrukarlaget, men organisasjonen vil ikkje ta stilling til om forbruket av raudt kjøtt bør reduserast eller aukast. Her frå Rennesøy i Ryfylke. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Ressursgrunnlag: Mest mogleg av maten bør produserast på norsk fôr, ifølgje Småbrukarlaget, men organisasjonen vil ikkje ta stilling til om forbruket av raudt kjøtt bør reduserast eller aukast. Her frå Rennesøy i Ryfylke. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Kan ikkje bestemme

På spørsmål om kjøttkutt kan kombinerast med målet om auka sjølvforsyning seier Hoff at ein treng ei heilskapleg vurdering.

– Du avviser ikkje at redusert forbruk av raudt kjøtt lar seg kombinere med auka sjølvforsyning?

– Ein må sjå ordentleg på kva som er mogleg, seier Hoff, som legg til at klimaendringane skaper uro og at det er viktig at kvart land sørger for mest mogleg matproduksjon til eiga befolkning.

– Kvifor tar de ikkje klar avstand frå forslag om reduksjon i forbruket av raudt kjøtt?

– Vi kan ikkje bestemme kva folk skal ete, men det er viktig å skilje. Vi må produsere mest mogleg av det norske forbrukarar et basert på norsk fôr som gras og beite til drøvtyggarar.

Annonse

– Tar du nå til orde for meir forbruk av raudt kjøtt?

– Nei, eg tar til orde for at vi må halde oss til det befolkninga et til ein kvar tid.

– Småbrukarlaget har inga meining om forbruket av raudt kjøtt bør opp eller ned?

– Eg har ikkje anna meining enn det som står i uttalen, men forbruket bør i størst mogleg grad vere basert på kjøtt på norsk fôr tilpassa ressursane og det volumet folk ønsker, seier Hoff.

Fakta

Uttale frå Småbrukarlaget

Om kjøttkutt skriv styret i Småbrukarlaget:

«NBS mener at kjøttforbruket i Norge skal være norsk kjøtt produsert på norske grasressurser og annet fôr som ikke kan benyttes til menneskemat. Produksjonen skal være tilpasset det norske ressursgrunnlaget og det volumet den norske befolkning ønsker. Reduksjon av norsk kjøttproduksjon er ikke et klimatiltak som er ønsket av NBS»

Om tilbakeføring av myr:

«NBS mener at landbruket har et grunnleggende forvalteransvar for å holde dyrka jord i hevd. Dette gjelder også dyrket myr. Myr skal ikke tilbakeføres til udyrket tilstand, men være grunnlag for selvforsyning»

Om SV-kåringa:

«Før valget gjorde NBS en sammenligning av en rekke temaer i alle partienes programmer, som stod på trykk i Bonde og Småbruker nr. 7/21. Det ble i tillegg laget en rangering av partiene som ble delt i sosiale medier. Denne var basert på hvor godt de ulike partiene gjorde på seks utvalgte temaer. Vi har i ettertid sett at det er krevende å gi et riktig bilde av helheten gjennom en slik forenklet rangering. Rangering av politiske partiers partiprogrammer vil derfor ikke bli gjentatt»

Avviser SV-grep på myr

Tilbakeføring av 100.000 dekar jordbruksjord til myr, som i praksis betyr at jorda må brakkleggast og gå ut av drift, går styret i Småbrukarlaget derimot tydeleg imot.

Styret skriv at Småbrukarlaget meiner landbruket har eit grunnleggande forvaltaransvar for å halde dyrka jord i hevd.

«Dette gjelder også dyrket myr. Myr skal ikke tilbakeføres til udyrket tilstand, men være grunnlag for selvforsyning», skriv styret i uttalen.

På spørsmål om Småbrukarlaget her er ueinig med SV, så svarar Hoff tydeleg stadfestande.

– Det betyr det, svarar Hoff.

– Du var ikkje avvisande til tiltaket for nokre dagar sidan. Har du snudd?

– Eg held meg til vedtaket til styret og står bak det styret uttalar.

Vil ikkje gjenta kåring

Om kåringa av SV som beste parti på jordbrukspolitikk før valet skriv styret at rangeringa var basert på kor godt dei ulike partia gjorde det på seks utvalde tema.

«Vi har i ettertid sett at det er krevende å gi et riktig bilde av helheten gjennom en slik forenklet rangering. Rangering av politiske partiers partiprogrammer vil derfor ikke bli gjentatt», skriv styret.

Når Nationen spør om uttalen betyr at Småbrukarlaget angrar på å ha kåra SV til beste parti, så svarar Hoff ved å vise til ordlyden i uttalen.

– Vi skriv at vi ikkje kjem til å gjere det igjen. Vi ser at det ikkje er så lurt, men det vil vere rett å setje opp oversikter over kva partia meiner.

– Angrar de på å ha kåra SV til beste parti?

– Eg har ikkje meir å seie om det.

– Betyr dette at de ikkje lenger ser på SV som beste parti for jordbruket?

– Det betyr at vi vil vurdere frå gong til gong. Slike rangeringar kjem vi ikkje til å gjere igjen.

Kåring: Før stortingsvalet kåra Småbrukarlaget SV til partiet med best jordbrukspolitikk. Her plansjen organisasjonen la ut på Facebook 3. september. Etter omtale i Nationen nyleg har Småbrukarlaget fjerna posten frå nettsidene. Foto: Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Kåring: Før stortingsvalet kåra Småbrukarlaget SV til partiet med best jordbrukspolitikk. Her plansjen organisasjonen la ut på Facebook 3. september. Etter omtale i Nationen nyleg har Småbrukarlaget fjerna posten frå nettsidene. Foto: Norsk Bonde- og Småbrukarlag

På spørsmål om det betyr at SV-kåringa blir ståande, så svarar Hoff at dei ikkje kjem til å gjenta ei slik rangering av partia. Ho legg til at kåringa ikkje lenger er å finne på Facebook-sidene til Småbrukarlaget.

– Den er tatt vekk frå våre sider, seier Hoff.

– Kvifor?

– Vi meiner det var rett. Nå ser vi framover og vi vil halde oss til det partia leverer. Vi vil rose det dei gjer rett og vere kritiske til det vi meiner er gale.

I uttalen skriv Småbrukarlaget òg at dei er ein «partipolitisk nøytral og ubunden næringspolitisk organisasjon».

Hoff seier dei kjem med uttalen som følgje av diskusjonen som har oppstått. Ho stadfestar at det har kome reaksjonar frå medlemer.

– Trur du dei som bad dykk trekke kåringa og seie SV ikkje lenger er beste parti vil bli nøgde?

– Eg held meg til uttalen til styret. Den er laga ut frå ei heilskapleg vurdering, seier Hoff.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kautokeino-ordfører skeptisk til krav om elbil i offentlige anskaffelser