Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Politikarane vil påskjønne karbonfangst i landbruket

Karbonfangst og lagring kan bli viktig for å nå nasjonale og internasjonale klimamål. Politikarar frå ei rekke parti ønskjer no å få på plass eit påskjønningssystem for å auke karbonlagring i jordbruk.

Jord og myrer inneheld store mengder karbon. Torsdag var karbonfangst og -lagring tema då politikarar og landbruksnæringa var samla til webinar. Foto: Lise Åserud / NTB/ NPK
Jord og myrer inneheld store mengder karbon. Torsdag var karbonfangst og -lagring tema då politikarar og landbruksnæringa var samla til webinar. Foto: Lise Åserud / NTB/ NPK

Karbonfangst i landbruket stod på agendaen då fleire organisasjonar, landbruksnæringa og politikarar var samla til digitalt frukostseminar torsdag.

– Vi ser på framtida som fornybar, sirkulær og berekraftig. Spørsmålet er berre om vi kjem dit fort nok. Det er viktig å forstå den klimatenesta velhalden natur yter. Karbonbinding er ekstremt viktig. Reduserer vi evna kloden har til å binde karbon, må vi redusere utsleppa endå meir, sa Espen Barth Eide frå Arbeidarpartiet i innleiinga til webinaret.

Balanseøving

Fleire av deltakarane nytta høve til å peike på samanhengane mellom klimautslepp og bevaring av natur.

– Det heile er ei stor balanseøving – der vi må handtere fleire utfordringar på same tid. Vi må redusere utslepp, vi må auke opptak og vi må vi må få til meir lagring av karbon i jordsmonnet. Samstundes skal vi auke produksjonen av mat og annan biomasse, sa spesialrådgivar Arne Bardalen i Nibio.

Han peika på at jordsmonnet inneheld mykje karbon og at sjølv små endringar i karbonlagera i jordsmonnet vil ha store effektar på CO2-innhaldet i atmosfæren. Han peika hovudsakleg på to måtar å auke karboninnhaldet i jordsmonn på.

Annonse

– Vi påverkar utviklinga av jordsmonn gjennom jordtilverkingsmetodar og gjennom måten vi organiserer landbruksproduksjonen på. Det er summen av agronomiske tiltak som påverkar korleis det går med jordsmonnet, sa han.

Samstemte politikarar

Under webinaret kom det òg fram at politikarane er villige til å innføre eit påskjønningssytem for å auke karbonlagring i jord. Alle politikarane som deltok på webinaret sa at dei ville innføre den typen ordning. Likevel er det fleire av dei politiske partia som ikkje har programfesta punkt knytt til karbonlagring i jord.

– I partiprogrammet vårt har vi ikkje noko punkt som går direkte på lagring av jordkarbon, men vi har vore tydelege på at vi vil følgje opp klimaavtalen som vi har gjort med faglaga i landbruket, sa Guro Angell Gimse frå Høgre under webinaret.

SV er eitt av partia med eit program med konkrete tiltak for korleis ein skal auke karbonlagringa i jord. Også dei presenterte nokre av tankane sine rundt temaet på webinaret.

– Noko av det vi verkeleg treng meir av, er forsking – både for å sjå korleis vi kan sikre meir karbonbinding i jorda og for å sjå korleis vi kan halde karbonbindinga stabil. Med eskalerande klimaendringar og oppvarming av jordsmonnet er det fare for at karbonet vi bind i jorda på nytt blir frigjort. Vi treng meir forsking for å sjå korleis ein kan unngå at det skjer, sa Lars Haltbrekken frå SV.

(©NPK)

Neste artikkel

Forvaltningskaos gjør at norsk sild mister miljøsertifisering