Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Pelsdyrbønder fortvilar: – Dette slår alle rekordar i dårleg behandling av folk

Pelsdyrbønder meiner folk kjem til å ende opp i konkurs og som gjeldsslavar slik ordninga for kompensasjon ser ut til å bli.

Lars Ole Bjørnbet, leiar i Trøndelag Pelsdyralslag. Foto: Privat

– Dette slår alle rekordar i dårleg behandling av folk og næringsliv. Det er ikkje til å tru, seier Lars Ole Bjørnbet, pelsdyrbonde og leiar i Trøndelag Pelsdyralslag.

Torsdag kom innstillinga, stortingspolitikaranes tilråding til korleis den nye lova om pelsdyrforbodet skal sjå ut. I innstillinga kjem det mellom anna fram at dei framleis vil bruke omgrepet «bokført verdi», noko pelsdyrbøndene har fortvila over. Det kan bety at dei som har betalt ned meir av gjelda si, kan få mindre i kompensasjon enn dei med høg gjeld.

– Stortinget kunne og burde ha rydda opp i denne uretten som blir gjort mot pelsdyrbønder, men gjer det ikkje. Det er ingen fornuft i at me nok ein gong skal bli ofra, det er rett og slett skammeleg, seier Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyrbonde og leiar i Hallingdal og Valdres Pelsdyralslag.

– Med dette opplegget til kompensasjon, så vil mange bønder tape mykje av sine gardsverdiar, fordi bokførte verdiar, og ikkje reelle bruksverdiar blir lagt til grunn som kompensasjonen. Me blir rett og slett frårøva store verdiar av staten, seier han vidare.

Sigbjørn Kirkebøen, pelsdyroppdrettar og leiar i Hallingdal og Valdres pelsdyralslag. Foto: Privat

Pelsdyrbøndene meiner dei blir behandla urettferdig på fleire område. Mellom anna seier Bjørnbet at berekningar han har gjort tilseier at han vil få i overkant av 600.000 i erstatning til riving og opprydding av pelsdyrfarmen.

– Landbrukstaksten eg hadde nyleg sette ein pris for riving og opprydding på 2,9 millionar, seier Orkanger-bonden.

Annonse

Bjørnbet meiner folka har vorte gløymt i denne saka, og at politikarane har svike dei.

– Først vart vi avvikla utan fagleg grunnlag, og no må vi ta rekninga. Det liknar ikkje grisen. Det visar at vi er lågast av dei lågaste i samfunnet, seier Bjørnbet og legg til:

– Dei må vise menneskelegdom, dei er våre ombodsmenn. Dei er sett til å styre dette landet på vegner av oss, det må vere eit minimum av folkeskikk, etikk og moral. Dei seier dei legg oss ned på grunn av dyrevelferd, men det verkar ikkje som det finst noko som heiter menneskevelferd, seier han.

Kirkebøen i Hallingdal er einig og meiner politikarane ikkje tar ansvar.

– Dei gløymer tydelegvis heilt bort at dei er valt av folket, dei tek ikkje sitt ansvar på alvor. Posisjonar og taburettar er viktigare, enn omsyn til at menneske blir behandla anstendig og rettmessig.

Bjørnbet meiner at denne ordninga vil føre til at folk vil gå konkurs og enda fleire vil bli gjeldsslavar. Han har heller ikkje tru på at dei såkalla omstillingsmidla vil realiserast i faktiske penger.

Nationen har vore i kontakt med personar i næringskomiteen fredag, og dei opplyser at fleire detaljar ikkje vil vere klare før forskriftene blir utarbeida av departementet.

Les departementets proposisjon her og les næringskomiteen si innstilling her.

Neste artikkel

Pelsdyrbøndene ber kun om rettferdighet og anstendighet