Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Overskot av egg, framleis dugnad for gris og sau

Marknadsregulator Nortura si prognose for kjøt- og eggmarknaden viser berre mindre endringar så langt i år. Det er underskot av gris, storfe, sau og lam, medan det er overskot av egg.

For egg viser Nortura sin prognose framleis eit stort overskot.

– Det store overskotet av egg viser heilt klart at det ikkje finst rom for nyetablering innanfor eggsektoren, seier direktør Ole Nikolai Skulberg for Totalmarked kjøtt og egg i Nortura i ei pressemelding.

I den ferske prognosen viser at det i 2019 framleis er eit stort overskot, på 1300 tonn egg, noko som er 400 tonn mindre enn i førre prognose.

Den viktigaste endringa for egg er at det no er føresett at 554 tonn egg takast ut gjennom førtidsslakting, og det er også noko høgare import enn forventa.

Omsetningsrådet har godkjent førtidsslakting av verpehøns tilsvarande 1000 tonn egg i 2019, og det er primært egg frå miljøinnreiing som skal takast ut.

– Me ser at etterspurnaden er låg, og det vil om kort tid ikkje vere særleg rom for egg frå miljøinnreiing, seier Skulberg.

Naudsynt underskot av gris

For gris viser prognosen eit underskot på 2000 tonn. Om lag 2400 tonn med grisekjøtt på reguleringslager og bortfall av eksportmoglegheita gjer at Nortura ikkje ser grunnlag for å sleppe produksjonen laus.

– Underskotet er heilt naudsynt når me mistar eksportmoglegheita i 2020, seier Skulberg.

– Med 2600 tonn gris på reguleringslager ved inngangen til året, og mykje uteståande stykningsdelar frå tidlegare og pågåande ribbetiltak, har me i realiteten brukt opp eksportkvoten for både 2019 og 2020 allereie, seier han.

Basert på ein nedgang i selde sæd-dosar på ni prosent, er det venta ein reduksjon i produksjonen på nær seks prosent samanlikna med 2018. Nortura ventar ei framleis auke i effektiviteten. Slaktevektene er føresett å auke på grunn av endringar i topprisen som er justert til 85 kilogram i Nortura.

Det er også venta ein reduksjon i engrossalet av heilt slakt på 1,5 prosent samanlikna med 2018.

Skulberg åtvarar mot å tru at marknaden er friskmeldt og oppfordrar svinenæringa til å framleis jobbe for å halde smågrisproduksjonen tilbake.

– Eg er ikkje uroa for at det skal bli for lite gris, då slaktevektene framleis er relativt låge og kan aukast raskt ved behov, seier han.

Annonse

Underskot for sau og lam

For sau og lam viser prognosen ei lita underdekning i 2019, men korrigert for reguleringslager er det framleis overskot, særleg av sau.

Prognosen viser at det ligg an til et underskot på 700 tonn i 2019, etter at importkvotane er tatt inn. Det er venta ein reduksjon i produksjonen på om lag seks prosent samanlikna med 2018, og tala frå søknader om produksjonstilskot viser at 3,5 prosent av sauebøndene gir seg.

Med bakgrunn i fosterteljingane er det lagt inn ei auke i talet på lam per søye på to prosent i 2019, og slaktevektene på lam er sett som gjennomsnitt for dei siste fem åra.

Nortura ventar ein reduksjon i engrossalet på om lag to prosent samanlikna med 2018, noko som er ei auke samanlikna med åra 2014 til 2016.

– Med 3 000 tonn sau og lam på reguleringslager ved inngangen til året er det framleis ein ubalanse i denne marknaden, trass underdekning i 2019, og det er særleg krevjande for sau, seier Skulberg.

– Oppfordringa til sauebøndene om å redusere påsettet noko og behalde søyene lenger, står difor framleis ved lag, seier han.

Underdekning av storfe

For storfe viser prognosen ei underdekning på om lag 3000 tonn, etter at importkvotane er tatt inn. Det er 200 tonn lågare enn underdekninga i førre periode.

Nortura ventar auke i både produksjon og sal, samanlikna med førre prognose. Dette skuldast høgare kuslakting. Når det gjeld engrossalet skuldast auken høgare sal enn det som var førespegla, medan forventninga for resten av året er om lag uendra. I prognosen er det føresett ei auke i salet for året på ein prosent.

Nortura ventar ein reduksjon i produksjonen på to prosent samanlikna med 2018, noko som må sjåast i samanheng med høg slakting i fjor grunna tørke. Redusert okseslakting gir størst utslag, sjølv om slaktevektene er føresett å auke med åtte kilogram samanlikna med 2018. Kuslaktinga er venta å auke noko i 2019.

Det er lagt til grunn om lag uendra mordyrtall i 2019. Det er venta vekst i ammekutalet, men den blir utlikna av reduksjonen i mjølkekutalet.

– Prognosen bekreftar at me no er nær marknadsdekning for norsk storfe, seier Skulberg.

Han viser til at det i år har vore berre tre veker med nedsett toll.

– Underskotet av heilt slakt har hovudsakleg vore dekka med frosen storfe frå reguleringslager og kvoteimport, seier han og legg til at han trur bransjen må belage seg på at tollen vil vere sett ned berre i korte periodar også framover.

Neste artikkel

Appell til Norturas samvittighet