Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ordførarar vil stoppe villreinjakt

Ordførarane i fem kommunar i Sogn og Fjordane og Buskerud meiner ein ikkje bør gå til full nedslakting av villreinstammen i Nordfjella no.

Ordførarane i fem kommunar i Sogn og Fjordane og Buskerud meiner ein bør vente med å skyte ned villreinstammen i Nordfjella. Foto: Bente Haarstad
Ordførarane i fem kommunar i Sogn og Fjordane og Buskerud meiner ein bør vente med å skyte ned villreinstammen i Nordfjella. Foto: Bente Haarstad

Det er ordførarane i Aurland, Lærdal, Ål, Hemsedal og Hol som no krev eit evalueringsmøte.

– Veldig mykje står på spel. Å skyte ned alle dyr i vinter er ikkje ein god modell, seier ordførar i Aurland, Noralv Distad til NRK.

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) har bestemt at alle dei om lag 2.200 villreinane i Nordfjella må bøte med livet. Dette er eit forsøk på å stoppe den frykta skrantesjuka.

Annonse

Distad meiner landbruksministeren må revurdere synet sitt og heller sjå på ein alternativ modell for å handtere skrantesjuka. Han meiner ein bør halde fram med prøvetaking både innanfor sone 1 og andre soner. Vidare må forskinga på området intensiverast og ein må ha kontinuerleg tilsyn.

Distad og dei andre ordførarane ber no om eit møte med landbruksministeren der dei vil presentere den nye modellen.

Neste artikkel

Mímir Kristjánsson håper nordmenn husker hvor viktig norsk mat er også etter koronakrisen