Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Omsetningsavgifta aukar for mange bønder

Bønder må belage seg på å betale meir i omsetningsavgift for mjølk og svinekjøtt neste år.

Omsetningsrådet går inn for å auke omsetningsavgifta som bøndene betalar på mjølk og svinekjøtt for neste år. Det er klart etter møtet fredag.

Dobla avgift på mjølk

På mjølk aukar omsetningsavgifta med seks øre per liter til totalt 12 øre. Det er i tråd med innstillinga frå Landbruksdirektoratet. Tine gjekk inn for ei auke på fire øre per liter.

Leiar i Omsetningsrådet, Bjørg Tørresdal, fortel at avgjerda var einstemmig.

– Det har vore krevande innan fleire produksjonar i år. Det kostar pengar. Det er heilt nødvendig å setje opp satsane nå på både mjølk og svin, seier Tørresdal.

Omsetningsavgifta blir brukt til å finansiere marknadsreguleringa av jordbruksvarer. Ved overproduksjon aukar kostnadene mellom anna til reguleringslagring og avsetningstiltak.

To kroner per kilo på svin

Omsetningsrådet vedtok på sist møte å setje i gang med ei utkjøpsordning for svinebønder på grunn av overproduksjon av svinekjøtt. Tørresdal seier det er usikkert kor store kostnadene blir til slutt totalt, og viser til at det kan bli aktuelt å revidere budsjettet seinare.

På svinekjøtt vil Omsetningsrådet førebels setje omsetningsavgifta til 2 kroner per kilo frå nyttår. Makssatsen blir på 2,50 kroner per kilo.

På same tid i fjor var satsen som blei vedtatt på 1,20 kroner per kilo for svin. Satsen blei seinare auka til 2 kroner per kilo frå 17. september i år. Dagens sats blir med andre ord vidareført inn i nyåret, men ser ein på neste år samla ligg det an til å bli ei kraftig auke totalt i betaling av omsetningsavgift mot i år.

Annonse

Tørresdal seier det er nødvendig å auke avgiftene når kostnadene aukar og for å unngå at fondet blir tappa.

– Auka avgift rammar lønsemda til bøndene?

– Vi er opptatt av å vere ansvarlege og prøve å gjere det som er rett for bonden, seier Tørresdal, som viser til at satsane for omsetningsavgift blei einstemmig vedtatt.

Satsen for kjøtt frå purker og råne blir uendra på 50 øre per kilo.

Nedgang for sau og lam

For kjøtt av sauer og lam går avgifta ned med 40 øre per kilo mot det som blei vedtatt før jul i fjor. Makssatsen er uendra på 4 kroner per kilo.

Løpande sats neste år blir på 3,10 kroner per kilo, med unntak for perioden frå 5. august til 16. september då satsen er på 2,10 kroner per kilo. I haust har omsetningsavgifta vore på 4 kroner per kilo for lam sidan slutten av august.

Avgifta blir uendra på 70 øre per kilo for egg og 28 øre per kilo for kylling og kalkun.

Makssatsen for storfe blir på to kroner per kilo, men løpande sats som er vedtatt er på 1,00 kr frå nyttår, 0,40 kr frå 28. januar, 1,10 kr frå 4. mars, 0,30 kr frå 22. april og 1,30 kr frå 30. september.

Vedtaka til Omsetningsrådet er formelt sett ei innstilling til departementet, som normalt pleier godkjenne vedtaka.

Fakta

Marknadsregulering

I dag er det marknadsregulering på dei fleste kjøttslaga, mjølk, egg og korn.

Bøndene betalar for reguleringa ved omsetningsavgift. Omsetningsrådet fattar vedtak om tiltak.

Landbrukssamvirka Nortura, Tine og Felleskjøpet, som er marknadsregulatorar, har ansvar for å balansere marknaden. Dei har òg mottaksplikt for leveransar frå bøndene, forsyningsplikt for råvarer til andre industriaktørar og ansvar for å ta ut prisane som blir vedtatt i jordbruksoppgjera.

Neste artikkel

Unge Venstre: – Det viktigste er å redusere etterspørselen av kjøtt