Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Økologisk Norge vil vere med på grøntsatsinga

Økologisk Norge vil at satsinga på grøntsektoren i jordbruksoppgjeret i år skal komme økologiske produsentar til gode.

Foto: Marit Grinaker Wright / Økologisk Norge

I jordbruksoppgjeret vart 9 millionar av investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU) øyremerka til produsentar som ønsker å etablere småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær.

Annonse

Midla kan ifølgje jordbruksavtalen gå til kostnader knytt til etablering av dyrkingsfelt, utvikling og betening av lokale marknader, bygging av kjøle- og lagerkapasitet og kompetanseheving. Utvikling av berekraftig emballasje kan også vere del av ordninga.

Økologisk Norge oppfordrar medlemmer og andre til å komme med innspel til kriterium for ordninga. Organisasjonen trekker fram spørsmål som kva definisjonen av småskala er, om det skal vere differensiering etter produksjon og om det bør vere eit tak for kor mykje kvar produsent kan få.

Kriteria for potten på 9 millionar skal ferdigstillast innan januar 2020, og blir lansert på Landbrukets Økologikongress 2020.

Neste artikkel

Gode tall for økologisk hos Coop