Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Økologisk frukt er ikkje like populært lenger

Bønder har blitt oppmoda til å dyrke økologisk frukt og grønsaker. Men salet av økologisk frukt går ned, og økobøndene taper pengar.

Økobonden Lars J. Nå taper om lag 140.000 på å produsere økologiske plommer. Salet av økologisk frukt går ned i daglegvarehandelen. Frukta som ikkje blir selt går ofte som ordinær vare. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

Etterspurnaden av økologisk frukt har gått ned dei siste åra. Det viser seg å vere problematisk for bøndene som produserer økologisk, skriv NRK.

– Eg taper like over åtte kroner per kilo plommer. For meg utgjer det om lag 140.000 kroner i år. Det skulle ha dekt inn meirarbeidet ved å produsere økologisk, seier økobonde Lars J. Nå.

Økologisk Norge jobbar med å fremje økologisk mat og landbruk. Dei meiner salet går ned fordi det er vanskeleg å finne varene i butikken.

Annonse

– Dei økologiske bøndene får høyre at forbrukarane ikkje vil ha varene deira, men det stemmer ikkje. Dei som sel i andre kanalar enn daglegvare, for eksempel gjennom direktesal, fortel om stor etterspurnad, seier dagleg leiar Børre Solberg.

I 2010 hadde Stortinget som mål å at 15 prosent av produksjonen og forbruket skulle vere økologisk i 2020. I 2018 vart målsetjinga fjerna.

– Det må setjast inn konkrete tiltak slik at forbrukaren blir klar over at økoprodukt finst i butikken. Vi vil ta opp saka med matminister Olaug Bollestad, seier Solberg.

(©NPK)

Neste artikkel

Forbrukarar vel heller økologisk enn kortreist frukt