Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny satsing på hest skal gje fleire arbeidsplassar i distrikta

Hesten har dei seinare åra fått mange nye roller i det norske samfunnet, men verdiskapinga til den norske hestenæringa er likevel nokså avgrensa. Det vil regjeringa gjera noko med.

De er potensial for fleire arbeidsplassar i norsk hestenæring. No ligg det føre ein ny strategi som skal bidrege til å utløysa det. Foto: Siri Juell Rasmussen

Fredag lanserte Landbruks- og matdepartementet ein ny hesterettleiar som skal få fart på hestenæringa i Noreg. Rettleiaren er meint som eit verktøy både for offentleg tilsette og for hestebransjen sjølv. Målet er å leggje til rette for meir næring og fleire arbeidspassar med hest i kommunane.

– Posisjonen til hesten i Noreg er i endring, og difor må vi leggja til rette for næringa på ein mykje meir variert måte. Hest kan skapa lønsame arbeidsplassar i distrikta, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Han peikar på at hest er ein del av tilleggsnæringane i landbruket, og at hesten i dag blir brukt på mange nye måtar. Statsråden trur den nye hesterettleiaren kan vera med å gjera dette meir synleg og hjelpa til med å utvikla hestehaldet i Noreg vidare.

Rettleiaren er utvikla saman med hestenæringa og inneheld alt frå faktainformasjon om hestar og hestehald til regelverk og gode døme på korleis ein kan satsa og få suksess.

Ny bruk – nye moglegheiter

I rettleiaren blir det vist til at hesten i dag blir brukt på nye måtar innan reiseliv, terapi, arbeidstrening og rusbehandling. Likevel har ikkje dette skapt all verda av arbeidsplassar. Her meiner regjeringa det er noko å henta.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (i midten) lanserte fredag ein ny hesterettleiar som skal gjera det meir lønsamt å satsa på hest her i landet. Rettleiaren inneheld mellom anna fleire døme på korleis det er mogleg å gå fram for å lukkast. Foto: Kaja Schill Godager / Landbruks- og matdepartementet

Det blir mellom anna vist til at hestenæringa i Sverige omsette for om lag 48 milliardar svenske kroner i 2013, medan omsetnaden for hestenæringa same året i Noreg var på 7,4 milliardar norske kroner.

Annonse

Departementet trur verdiskapinga av norsk hestehald kan bli langt betre. Det blir peikt på at vi i dag har rundt 100.000 hestar her i landet, og at ein tommelfingerregel er at det kan skapast ein arbeidsplass for kvar tiande hest.

– Det burde difor liggja store moglegheiter i å gjere meir butikk på denne sektoren også i Noreg, skriv departementet.

Trur på regionale «spesialitetar»

Innanfor reiseliv blir det i rettleiaren peikt på at det bør liggja særleg store moglegheiter i å utvikla regionale «spesialitetar» bygd rundt dei nasjonale hesterasane.

På den måten kan ein vera med å styrkja regional merkevare innan reiseliv, blir det hevda.

Det blir vist til at både norske og utanlandske gjester er opptekne av at den hesterasen som blir brukt har lokal tilknyting. Samtidig blir det peikt på at ikkje alle turistane like kravstore når det gjeld aktivitetar og tilbod.

– Berre det å kunna kvila blikket på beitande hestar eller å kunna klappa ein mjuk hestemule kan vera med på å forsterka ei oppleving, heiter det.

(©NPK)

– Posisjonen til hesten er i endring, difor må vi leggja til rette for næringa på ein mykje meir variert måte, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Foto: Kaja Schill Godager / Landbruks- og matdepartementet

Neste artikkel

Regjeringen vil ha bedre kontroll på vogntogsjåførenes hviletid