Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NRK: Venstre for strengare straff for regelbrytande slakteri

Venstre lovar å følge opp i praksis ved å ta til orde for høgare straff for slakteri som bryt reglar, og vil følge opp saka frå Stortinget.

Furuseth slakteri fekk 23.000 kroner i gebyr. Venstre ynskjer strengare straff for slakteri som bryt reglar.
Furuseth slakteri fekk 23.000 kroner i gebyr. Venstre ynskjer strengare straff for slakteri som bryt reglar.

Kort tid etter at eit slakteri fekk 23.000 kroner i gebyr for å ha skålda ein gris utan forsvarleg avliving, fekk ein hundeeigar også gebyr av Mattilsynet. Han hadde slurva med tannstellet, og får eit gebyr på 11.300.

– Gebyra i dei to sakene står ikkje i forhold til kvarandre. Bota til hundeeigaren synest eg er grei, men straffa slakteriet får er altfor lav. Me må opp i sekssifra beløp for å statuere eksempel som gjer at dei skjerper rutinane sine, seier Ketil Kjenseth i Venstre til NRK.

– Eg vil ta opp dette med landbruksminister Olaug Bollestad. Gebyret for dette brotet høyrest altfor lågt ut. Eit gebyr på 23.000 kroner svir ikkje på skinka for dette slakteriet. Det avskrekkar dei ikkje frå å svikte rutinane sine igjen, seier han.

Ketil Kjenseth i Venstre. Foto: Lars Bilit Hagen
Ketil Kjenseth i Venstre. Foto: Lars Bilit Hagen
Annonse

Mattilsynet kan pålegge gebyr på opp mot 1,5 million kroner, og fire vilkår i dyrevelferdsloven vektleggast når storleiken på gebyr skal fastsettast: Alvorlegheitsgrad, om lovbrotet er gjort med vilje, såkalla forsett, og om verksemda har tent penger på lovbrotet.

Kjenseth reagerer på at Furuseth slakteri i praksis får eit lågare gebyr fordi uhellet skjedde som følge av rutinesvikt, og fordi dei ikkje profitterte på uhellet, skriv NRK.

– Det må vere saka uvedkommande her. Det kan ikkje vere slik at Mattilsynet skal måtte skille til slike vilkår i saker som dette. I saker som dette kan det ikkje vere nokon formildande omstende, seier Kjenseth.

Harald Furuseth ved Furuseth AS avviser påstanden overfor NRK.

– Gebyrsatsane er ikkje avgjerande for korleis me prioriterer og legg opp arbeidsdagen vår. Me er opptatte av å følge regelverket, uavhengig av storleiken på gebyra som blir gitt.

Neste artikkel

Pelsdyrbonde tror rapport om Mattilsynet kan hive bensin på bålet