Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura varslar svekka økonomi - kuttar i betalinga til bønder

Bondeeigde Nortura varslar at resultat for 2017 blir svakare enn venta. Det fører til kutt i betalinga til bøndene og andre innsparingstiltak.

Kuttar: Nortura melder om svekka inntening, noko som fører til kutt i prisane til bøndene og andre innsparingstiltak. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I ei børsmelding torsdag morgon melder bondeeigde Nortura at driftsresultatet for 2017 blir svakare enn det ein med rimeleg grunn kunne vente.

Ny distribusjonsløysing drar ned

Ifølgje Nortura har den svekka innteninga dels samanheng med overgang til grossistdistribusjon, der daglegvarekjedene har tatt over styringa over vareflyten.

Les også: Mener Tine bør vurdere å kutte distribusjon

– Som følge av krevande overgang til ny distribusjonsløysing (grossistdistribusjon), noko lågare sal enn venta mot slutten av året, samt utfordringar med overproduksjon av fleire dyreslag, vil Nortura få eit driftsresultat for 2017 som er svakare enn det ein med rimeleg grunn kunne vente, skriv Nortura.

Les også: Sp-nestleder Borten Moe ut mot Nortura: – Har gitt fra seg makt og kan forvitre på fem år

Den svekka innteninga har ifølgje Nortura ført til at bøndene får dårlegare betalt for leveransane gjennom reduserte prisar på tilførslar.

Aukande kjøttlagre

Det er for tida overproduksjon av dei fleste kjøttslag og på egg. Ved nyttår låg det ifølgje Nortura, som er marknadsregulator, 2857 tonn kjøtt frå sauer og lam, 984 tonn svinekjøtt og 718 tonn storfekjøtt på reguleringslager.

Les også: Bygde landets største sauehus etter omstridd tilskotsendring

Prognosen for 2018 viser ein overproduksjon på nye 1200 tonn kjøtt frå sauer og lam, 1700 tonn svinekjøtt og 600 tonn egg.

Annonse

Les også: Ventar stort overskot av kjøtt sjølv om bøndene bremsar produksjonen

På storfekjøtt er det over året framleis eit stort importbehov. Underdekninga av norsk kjøtt i marknaden er rekna til 8600 tonn storfekjøtt, men Nortura melder at produksjonen aukar og at underskotet av norsk vare dermed blir redusert.

Sluttpakkar til kyllingbønder

Nortura slit òg kraftig med overkapasitet på kylling. 115 kyllingbønder har fått kompensasjon for å slutte med kyllingproduksjon dei siste åra, og nyleg meldte Nortura at dei vil tilby sluttpakkar til endå fleire kyllingbønder.

Nortura melder også at dei er i gang med å gjennomføre ytterlegare resultatbetrande tiltak.

Nortura er landets største leverandør av kjøtt- og egg. Det er 18.800 bønder som eig Nortura, som er organisert som eit samvirkeføretak. Nortura har merkevarer som Gilde og Prior.

Rekneskapen til Nortura for 2017 blir lagt fram 15. februar.

Nationen.no kjem tilbake med meir utover dagen.

Neste artikkel

Forsøkte skremmetiltak mot rådyrkillinger før slåtten