Konsernstyret i Nortura har fastsett planlagt gjennomsnittleg engrospris, såkalla PGE, for andre halvår 2020.
For storfe og egg blir det eit solid løft i prisane, men på lam er prisveksten meir marginal.
Egg og storfe mest opp
På storfe aukar prisen med 1,60 kroner per kilo til 62,80 kroner for andre halvår i år.
Det utgjer ein prisauke på over 2,6 prosent. Det er den største prisauken som er gitt, målt i kroner på eitt halvår, sidan 2013.
Sist halvår var prisoppgangen på storfe på 70 øre per kilo.
Før det hadde prisen på storfe vore stabil på rett over 60 kroner per kilo i tre år.
På egg er prisauken på 0,80 kroner per kilo til 20,30 kroner per kilo. Det er ein prisauke på 4,1 prosent.
Det er den største prisauken som har skjedd så lenge Nortura har hatt ansvar for å setje såkalla planlagt gjennomsnittleg engrospris (PGE) på egg sidan 2013. Ein må tilbake til 2011, då det var målpris på egg, for å finne ein større prisauke.
Prisen på egg frå høner i miljøbur aukar med 0,40 kroner per kilo og egg frå frittgåande høner får ein prisvekst på 0,70 kroner per kilo.
I tillegg utgjer 10 øre ei teknisk justering for innfasing av meir egg frå frittgåande høner, heiter det i vedtaket til Nortura.
For lam er prisauken meir marginal med 0,30 kroner meir per kilo til ein snittpris på 66,40 kroner for 2. halvår. Det utgjer ein prisauke på 0,45 prosent.
Fakta
Jordbruksvarer utan målpris
Storfe, lam og egg er blant dei største jordbruksvarene utan målpris.
For desse varegruppene har Nortura gjennom den såkalla «volummodellen» fått i oppgåve å fastsetje ein «planlagt gjennomsnittleg engrospris» (PGE) to gonger i året. Prisen styrer i praksis prisen i marknaden og normalt får prisendringane også følgjer for betalinga som bonden får.
Storfe blei flytta over til den såkalla volummodellen i 2009, medan egg og lam kom etter i 2013. Bakgrunnen for fjerninga av målprisen var ei tilpassing til WTO.
Prisauke sidan 2013
Etter den varsla prisauken for 2. halvår er det storfe som har hatt størst prisvekst over tid blant dei tre vareslaga med planlagd gjennomsnittleg engrospris (PGE) innan den såkalla volummodellen.
Dei sju siste åra sidan 2. halvår 2013 har den gjennomsnittlege engrosprisen på storfe auka med 7,80 kroner per kilo. Det er ein prisvekst på litt over 14 prosent eller vel 2 prosent per år i snitt.
For egg har prisveksten i same tidsrom vore på 2,10 kroner per kilo. Det er utgjer ein prisvekst på vel 11,5 prosent eller 1,65 prosent i snitt per år.
Prispress på lammekjøtt
Sauebønder har derimot slite med liten eller ingen prisvekst i perioden sidan 2013. Med den siste prisauken på 30 øre per kilo er prisen i 2. halvår berre 20 øre per kilo over prisen i 2013. Det gir ein prisvekst på marginale 0,3 prosent eller 0,04 prosent per år i snitt.
Grunnen til den dårleg prisutviklinga er overproduksjonen av sauer og lam som sette inn for alvor mot slutten av 2015 og inn i 2016. Då var prisen på 70,50 kroner per kilo.
Sidan fall prisen raskt med nær seks kroner kiloen i 2016 og inn i 2017 til 64,60 kroner per kilo.
Det var først i fjor at prisen vart auka litt igjen og ved auken til 66,40 kroner per kilo frå neste halvår passerer engrosprisen så vidt 2013-nivå.
Varslar fleire justeringar
Prisløypene for storfe, lam og egg vil Nortura informere om innan fristen for varsling, heiter det i vedtaket til Nortura.
Nortura vil også gjere endringar i engrosprisen mellom klassar av lam og gjere justeringar i vektgruppene for lam. Prisen for sau av god kvalitet varslar Nortura også skal aukast.
«Disse endringene offentliggjøres samtidig som prisløypene og vil være gjeldene fra 2. halvår 2020», skriv Nortura.