Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura har slutta seg til FN-organisasjon for berekraft

Nortura har slutta seg til FNs berekraftsorganisasjon UN Global Compact. Det er eit verdsomspennande nettverk som vil gjere næringslivet meir berekraftig.

Nortura, her representert med anlegget på Rudshøgda. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Nortura, her representert med anlegget på Rudshøgda. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I ei pressemelding skriv Nortura at dei som første norske landbruksbaserte matvareprodusent har slutta seg til nettverket, som består av bedrifter frå heile verda.

I pressemeldinga seier konsernsjef Anne Marit Panengstuen at Nortura i fjor vedtok ein ny konsernstrategi der berekraftig utvikling for verksemda og produkta skulle stå sentralt i bygginga av framtidas egg- og kjøtsamvirke.

– Med denne medlemskapen understrekar vi forpliktinga og at vi ønskjer å gå fremst i arbeidet med samfunnsansvar og berekraft, seier Panengstuen.

Annonse

Ifølgje pressemeldinga forpliktar Nortura seg gjennom medlemsskapet til å gjere UN Global Compact Norges prinsipp til ein del av selskapets strategi, kultur og dagleg drift, og at dei skal delta i samarbeidsprosjekt som fremjar FNs mål om utvikling og berekraft.

Konsernsjef i Nortura, Anne Marit Panengstuen. Foto: Lars Bilit Hagen
Konsernsjef i Nortura, Anne Marit Panengstuen. Foto: Lars Bilit Hagen

Ifølge nettsidene til UN Global Compact Norge har dei i dag norske 258 medlemsbedrifter. På lista står mellom anna Moelven industriar ASA, Nammo AS og ei rekkje verksemder innan industri, elektrisitet, bank og anna.

– Ambisjonen vår er å produsere mat på premissane til naturen, og med utgangspunkt i det norske arealgrunnlaget, seier Kjell S. Rakkenes som er konserndirektør for kommunikasjon, berekraft og samfunnsansvar.

– Det inneber at egga og kjøtet må produserast slik at jorde, gardar og fabrikkar kan overlatast til neste generasjon i betre stand enn då vi overtok dei.

Neste artikkel

Nortura: Lite tyder på at grisesaken har hatt innvirkning på salget