Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norske eple skal klare seg lenger med tysk oppfinning

Nye lagringsmetodar frå Jork utanfor Hamburg skal syte for at vi i Noreg får kjøpe norske eple store delar av året, fortel NRK.

Sesongen for norske eple er kort. 90 prosent av alle epla i butikkane rundt juletider er importerte. Foto: Kari Hamre / NPK

Det er dermed ein etterlengta draum som no blir røyndom i fruktbygda Gvarv i Telemark.

– Vi grev no ut tomta til det nye fruktlageret som truleg blir Noregs mest avanserte. Vi er i forhandlingar med leverandørar til eit nytt og moderne lagringssystem som skal sikre norsk frukt i butikkane i alle fall til over jul neste år, seier dagleg leiar i Telefrukt, Svein Børte, til NRK.

Sesongen for norske eple er kort. 90 prosent av alle epla i butikkane rundt juletider er importerte. Telefrukt på Gvarv har no gått til konkurrentane for å finne løysinga.

Annonse

Eplesortane discovery, raud aroma og rubinstep vart sende til Jork i august, september og oktober i fjor, for å vere med i forsøksopplegget med langtidslagring. Metoden er såkalla ULO-lagring som står for «ultra-lågt oksygennivå».

– Her har vi fire kjøleceller som er like. I desse tette kjølecellene, som ligg på rekke og rad i kjølerommet, regulerer vi oksygenet ned til ein prosent og karbondioksidnivået opp til 1- 2,5 prosent, seier forskar Dirk Köpcke.

Oksygenet blir erstatta med nitrogen som blir henta frå luft ute via ein generator. Lagringa blir overvaka automatisk døgnet rundt, året rundt. I tillegg må luftsamansetjinga sjekkast manuelt minst ein gong i veka.

Forskjellen på epla er tydeleg. Dei som har vore lagra berre i kjølerom er fullmodne og byrjar å bli litt mjuke i skalet, medan dei som er lagra med redusert surstoff og høgare karbondioksid er svært sprø og faste og litt grøne.

Neste artikkel

Tredobla grønsaksimport: Ber om styrka tollvern og statleg satsing