Prognosane syner at det vil vere overproduksjon av lammekjøt også i 2018. Det ein har mindre kunnskap om, er kor mange bønder som gir seg heilt eller delvis med lammekjøtproduksjon og korleis dette påverkar produksjonsvolumet. NSG lanserer no ei spørjegransking på heimesidene sine, der dei håpar å få svar på dette.
– Vi håpar alle norske sauebønder svarar innan tidsfristen 4. februar, seier styreleiar i NSG Kjell Erik Berntsen i ei pressemelding.
Målet med undersøkinga er å få best mogleg oversikt over produksjonsvolumet og å kunne vurdere dette opp mot etterspurnaden. Motivet er å raskast mogleg få lammekjøtmarknaden i balanse. Til fordel for både sauebønder og forbrukarar.