Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noregs største kjøtselskap vil ha meir norskprodusert fôr til kylling

Nortura startar eit nytt prosjekt for å auke delen norske råvarer i fôret til kyllingar.

Nortura vil gjere den norske kyllingen meir norsk. Foto: Vidar Sandnes
Nortura vil gjere den norske kyllingen meir norsk. Foto: Vidar Sandnes

Nortura har sett i gang eit prosjekt der produsentane av kyllingkjøt skal teste ut eit nytt fôr med ein norskdel på 90 prosent.

– Vi ønsker å utforske moglegheita for meir norskbasert og berekraftige fôrløysingar. Det nye fôrkonseptet vil kunne redusere behovet for soya med om lag 75 prosent, seier Siw Dejligbjerg Steen, konserndirektør for kvitt kjøt og egg i Nortura.

Soya blir importert frå mellom anna Brasil, og er mykje brukt til dyrefôr i form av kraftfôr.

Det har dei siste åra vore debattert om norsk landbruk kan vere like avhengig av importerte råvarer som ein har vorte gjennom auka bruk av kraftfôr. Tine har tidlegare sett seg som mål at fôret til at norske mjølkekyr på sikt skal ha så høg norskdel som mogleg.

Kritikarar meiner norsk landbruk i altfor stor grad baserer seg på jordbruk i andre land på grunn av avhengnad av soya.

Nortura vil ha meir norske råvarer i fôret til kyllingar. Her erter frå Vestfold. Foto: Lars Bilit Hagen
Nortura vil ha meir norske råvarer i fôret til kyllingar. Her erter frå Vestfold. Foto: Lars Bilit Hagen

Erter, åkerbøner og raps

Annonse

No vil Nortura byte ut noko av soyaen i fôret til kyllingen med norskproduserte erter, åkerbøner og raps. Kjøtselskapet meiner det er utfordrande å produsere proteinråvare tilsvarande soya i Noreg på grunn av klima og mangel på eigna jord.

– Derfor ser vi nå på moglegheita for å ta i bruk andre norske fôrråvarer. Sjølv om det også er avgrensa med tilgang på det, så må vi starte ein stad. Først då vil utviklinga kunne gå mot meir heilnorske løysingar, seier Dejligbjerg Steen.

Nortura, som sel kvitt kjøt under merkevarenamnet Prior, vil teste ut det nye prosjektet i eitt år i første omgang.

– Med ein større del norsk fôr vil vi gjere Prior enda litt meir norsk, til dyra, bonden og forbrukaren sitt beste, seier Dejligbjerg Steen.

Nortura seier det er en føresetnad at dyrehelse og dyrevelferd blir tatt vare på. Foto: Mariann Tvete
Nortura seier det er en føresetnad at dyrehelse og dyrevelferd blir tatt vare på. Foto: Mariann Tvete

Økonomien til bonden

Kjøt-samvirket skriv samtidig i ei pressemelding at dei ikkje ønsker at omlegginga skal gå utover økonomien til bonden.

– Ein føresetnad for at dette skal bli vellykka og framtidsretta er at ei slik endring ikkje skal gå på kostnad av dyrehelse, dyrevelferd eller økonomien til bonden. Utrulling vil derfor skje saman med fôrleverandørane og produsentane, kontrollert og gradvis. Det blir spennande å sjå resultata, avsluttar Dejligbjerg Steen.

Neste artikkel

Flere landbruksselskaper blant de mest populære