Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordstad er ny generalsekretær i Småbrukarlaget

Norsk Bonde- og Småbrukarlag har tilsett Anders Nordstad som ny generalsekretær i organisasjonen.

Småbrukartoppar: Anders Nordstad, som er ny generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, saman med leiar i organisasjonen, Kjersti Hoff. Foto: Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Småbrukartoppar: Anders Nordstad, som er ny generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, saman med leiar i organisasjonen, Kjersti Hoff. Foto: Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Nordstad, som er 56 år, er utdanna siviløkonom og har mange års erfaring med handel av råvarer som korn og soya i selskap som Lantmännen Cerelia og Denofa.

Det skriv Småbrukarlaget i ei pressemelding.

Nordstad er tilsett som ny generalsekretær etter Olaf Godli, som gir seg etter 17 år i stillinga.

Hoff: – Rett person

Nordstad vil tiltre i stillinga frå 1. januar. Han har den siste tida skrive ei rekke innlegg om norsk landbruk blant anna på sin eigen blogg og i fleire aviser.

Leiar i Småbrukarlaget, Kjersti Hoff, er svært nøgd med tilsetjinga.

– Anders skriv godt og har svært god talforståing og analytiske evner, men det er særleg hans mangeårige erfaring med personalleiing og tilnærming til problemløysning som gjer at vi er sikre på at Anders er rett person for å bygge og styrke sekretariatet og organisasjonen i ei tid med store endringar, uttalar Hoff.

Annonse

Småbrukarlaget skriv at Nordstad etter ei lang fartstid i forsyningskjedene for landbruket både nasjonalt og internasjonalt har utvikla eit sterkt engasjement for norsk jordbruk.

– Norsk jordbruk har - samanlikna med alt anna jordbruk eg har sett i verda - nokon unike eigenskapar. Dette er verdifullt for både forbrukarar, samfunnet, naturen og klimaet og må forsterkast, ikkje svekkast. Og når sterke politiske og økonomiske interesser driv norsk jordbruk i stikk motset retning, må vi kjempe imot. Eg gleder meg til å vere med i kampen - som i botn og grunn handlar om å gjere bruken av norsk jord lønsam. Det er få ting som er viktigare for eit land enn eit velfungerande og lønsamt jordbruk som bidrar til sikker matforsyning, uttalar Nordstad i pressemeldinga.

– Vri i berekraftig retning

Kjersti Hoff trur at erfaringane til Nordstad og blikket hans frå utsida av jordbruket kan bidra til å ta jordbruket i ei berekraftig retning.

– Hans erfaring og hans blikk, litt fra utsida, vil vere ein styrke for oss for å vri landbruket over i ein endå meir berekraftig retning slik at vi bruker eigne jord- og beiteressursar meir målretta og dermed kan redusere importen, både av fôrråvarer og matvarer vi kan produsere sjøl. Eg gler meg til dette samarbeidet og eg håper og trur det vil styrke norsk landbruk, auke kompetansen i befolkninga og styrke Norsk Bonde- og Småbrukarlag, uttalar Hoff.

Her er nokre av innlegga som Nordstad har hatt i Nationen:

Neste artikkel

Ei næring dominerer i nytt småbrukarstyre