Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordmenn et berre halvparten så mykje løk som i andre land

Vi nordmenn et i snitt litt over 6 kilo løk kvar i året. Det er veldig lite samanlikna med resten av verda

På denne tida av året er løken fersk og fin. Foto: Kari Hamre / NPK
På denne tida av året er løken fersk og fin. Foto: Kari Hamre / NPK

– I fjor åt vi 6,2 kilo løk per person i Noreg, og vi har hatt ein gjennomsnittleg auke i forbruk på 3 prosent per år dei siste 10 åra. På verdsbasis vart det konsumert 11,9 kilo løk per innbyggjar i 2017. Vi et altså omtrent halvparten av det som er gjennomsnitt i verda, fortel Gerd Byermoen i Opplysningskontoret for frukt og grønt i ei pressemelding.

Annonse

Ei landsrepresentativ gransking gjennomført av Norstat på oppdrag frå Opplysningskontoret for frukt og grønt i januar 2020 viser at to av ti et vanleg gul løk dagleg, medan seks av ti et løk minst ein gong i veka. Svært mange oppgir at årsaka til at dei ikkje brukar løk oftare er at løk ikkje inngår i oppskrifta dei brukar.

(©NPK)

Neste artikkel

Venstre stemmer over nye prinsipper