Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordnorske sauebønder med aksjon for å få opp salet av sauekjøt

Sauebønder i Nord-Noreg har teke lagersituasjonen for sauekjøt i eigne hender.

Nordnorske søuebønder vil heller gi bort sauekjøt til menneskemat enn å selje kjøtet billeg til dyrefôr. Foto: Siri Juell Rasmussen

Bøndene har gitt gratis kjøt til institusjonar og auka direktesalet av kjøt til kundar.

Jan Ottar Østring, leier i Troms sau og geit, seier dei følte at dei var var nøydde til å gjere noko. Han tok kontakt med leiaren i Finnmark sau og geit, Bjørn Tore Søfting , og dermed var dei i gang. Seinare har Nordland også blitt med.

– Vi tenkte at dersom vi gir sauekjøt til omsorgsinstitusjonar får vi blest om kjøtet. Og viss vi i etter det får seld store mengder kjøt privat, forstår kanskje kjedene at det er interesse for kjøtet.

Han fortel om enkeltbønder som på kort tid har seld mange titals skrottar.

– Mitt personlege ønske er at landbrukssamvirka startar ei eiga butikkjede der dei sel det vi produserer. Slik kan det bli reell konkurranse opp mot dei tre store daglegvarekjedene som er tente med at situasjonen er som han er i dag, seier Østring.

Omsetningsrådet har førehandsgodkjent at Nortura kan selje 54 tonn sauekjøt svært billeg.

Annonse

– Uansett kva marknadregulator har fått til av gode produkt, har vi ikkje fått det ut i marknaden. Det ser ut som om kjedane ikkje ønskjer det. Varene blir prisa høgt, eller gitt dårleg plassering i butikkane, seier Østring.

– Vi er ikkje dei største sauefylka, men nokon må gå føre og gjere noko. Og så må vi tørre å snakke om marknadssituasjonen og kvifor det har blitt slik det har blitt. Det går ikkje an å seie at folk ikkje vil ha produktet når dei ikkje har fått tak i det.

Dei eldreinstitusjonane som har fått kjøtet har blitt kjempeglade, ikkje berre fordi dei har fått det gratis, men fordi det er råvarer dei svært gjerne brukar, skriv NRK Troms

– Vi har planar om å få seld kjøt gjennom bønder også til neste år, og vurderer å premiere dei som får seld mest, seier Østring.

Kjøtet som blir seld privat blir ikkje prisa veldig høgt, men han meiner at sidan det er næringa som tek kostnaden med å halde dei store fryselagra, vil ein slik aksjon som dette føre til mindre innfrysing og dermed lågare utgifter til det.

– Vi tek kostnaden der og då. Og vi må få opp forbruket av sauekjøt. Til meir som vert seld, til større sjanse er det for at kjedene vil ta det inn.

Neste artikkel

– Vi må bli meir synlege