Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nibio-forskarar fann uvanleg barkbilleangrep

I Vestfold har Nibio-forskarar funne at det ikkje berre var den vanlege barkbilla som har angripe. Dette kan også vere tilfelle i Telemark og Aust-Agder.

Skogbrukssjef Sanela Jacobsen i Sandefjord med Nibio-forskarane Torstein Kvamme (til venstre) og Bjørn Økland. Foto: Nibio

– Funnet er overraskande, seier seniorforskar Bjørn Økland i Divisjon for bioteknologi og plantehelse ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Han har saman med rådgjevar i Nibio, Torstein Kvamme, undersøkt skogskadane sentralt i Andebu i Vestfold.

Få barkbiller i starten av 2018

Det er den store granbarkbilla som kan, dersom bestanden blir stor nok, angripe friske tre.

I byrjinga av 2018 viste overvakingsfellene i Vestfold at det var for få barkbiller til at dette kunne skje, men det har vore spekulert i om luktstoffa i fellene hadde tørka ut.

No har forskarane funne at gangsystema i barken har lågare tettleik enn under eit vanleg angrep, og at det truleg stemmer at det var få store granbarkbiller på starten av fjoråret.

Liten granbarkbille som leia an

På eigedommen til Ingar Aadne i Andebu starta angrepet seint på hausten i fjor.

– Det starta i tretoppane, og spreidde seg etter kvart nedover stammene, seier Aadne.

Det kan sjå ut som om det er liten granbarkbille som har leia an. Det er svært uvanleg.

Bjørn Økland, seniorforskar Nibio

Toppane i Andebu var angripne av liten granbarkbille, Pityogenes chalcographus, medan det lenger ned på stammene var den store granbarkbilla, Ips typographus, som hadde angripe.

I tillegg til at det var tørke, og at tørkestressa tre har svakare forsvar mot inntrengarar, så fann forskarane ein ekstra faktor.

– Vanlegvis er det den store granbarkbilla som byrjar angrepa på levande grantre. I dette tilfellet kan det sjå ut som om det er liten granbarkbille som har leia an, seier Økland.

Annonse
Torstein Kvamme undersøkjer gangsystema under barken. Foto: Nibio

Dette kan vere tilfelle i alle områda med snøbrekk i Vestfold, Telemark og Aust-Agder.

– Dette er svært uvanleg, og dette har gjort grantrea så svake at sjølv ei lita mengd av den store granbarkbilla har kunna kolonisere trea, seier Økland.

Fann levande vaksne biller

I tillegg fann forskarane levande vaksne, store granbarkbiller i nyleg påbyrja gangsystem. Og det langt utpå vinteren.

– Ein del av billene me fann var lyse og ikkje heilt utfarga. Det tyder på at dette er andre generasjon som nesten kom i mål før vinteren sette inn, seier Kvamme.

Den store granbarkbilla har vanlegvis berre ein generasjon per år i Noreg, men den varme og lange sommaren i fjor opna for to generasjonar.

Her ligg ei stor granbarkbille og ventar på vårvarmen. Foto: Nibio

Insektforskarane er einige om at dette er ein ny situasjon der mykje er uavklart.

– Når andre generasjon har overlevd vinteren så langt, vil eg tru at dei fullfører livssyklusen når vårvarmen kjem, seier Økland.

– Det kan tenkast at både første og andre generasjon av stor granbarkbille overvintrar her, men me veit ikkje om dei vil klekke samtidig til felles sverming. Det er først når sverminga er synkronisert at masseangrep blir store, seier Økland.

Fakta

Store granbarkbiller og skogskade

Store granbarkbiller lever under barken på døyande tre, og er ein vanleg art i granskog. Av 68 norske barkbilleartar er det berre den store granbarkbilla som kan opptre i så store mengder at dei kan angripe og drepe levande tre.

Granbarkbilla er farleg for skogen først når den får gode forhold for utvikling, når bestanden blir høg. Då kan den angripe levande tre, og som regel må det fleire tusen biller til for å drepe ei frisk gran.

Sverminga skjer i mai-juni når dagstemperaturen er oppe i rundt 18 grader celsius. Billene søkjer då til stamma på større tre som har brukke under snøen eller velta under storm. Den kan også søkje seg til svekka tre, ubarka tømmer og hogstavfall som vert lagra i skogen.

Under sverming borar hannen seg inn under barken og gneg ut paringskammeret. Den sender ut feromon og lokkar til seg andre hannar og hoer. Hoene gneg mor-gangar ut frå paringskammeret, og i juli er neste generasjon ferdig utvikla. Billene forlèt treet først i august-september, og nokre blir under barken over vinteren.

På 1800-talet påførte granbarkbillene store skader på skogbruket, og i 1970-åra drap granbarkbiller omkring 1 million tre i den sørlege delen av Hedmark.

Kjelde: Wikipedia / Store Norske Leksikon

Fakta

Hugseliste for skogeigaren

Kniv er bra for å undersøkje om det finst gangsystem og levande granbarkbiller under barken. På forsommaren kan ein også kikke etter brunt boremjøl frå små runde innboringshòl etter billene. På liggande virke bør ein sjekke i heile lengda på stamma. Ulike artar lever i ulike delar.

Granvirke med overvintrande granbarkbiller (Ips typographus) i gangsystema bør ut av skogen før billene flyr igjen. Desse billene kan starte sverming alt i april i varme år.

Granvirke som blir angripe av granbarkbiller under sverming på forsommaren bør ut av skogen før den nye generasjonen er klar for å fly ut. Dei nye billene startar vanlegvis å komme ut i juli, men det kan skje allereie i juni i varme år.

Tømmerlunder av gran etter vinter-hogsten bør takast vekk frå skogen før dei blir angripne av granbarkbiller under sverming, og tømmerlundane bør ut seinast før den nye generasjonen er klar for å fly ut.

I område med angrep av granbarkbiller er det viktig å sørge for liten tilgang på ferskt granvirke. Under hogst i slike område bør det ikkje liggje igjen mykje grovt hogstavfall av gran.

Det er ofte vindfellingar av gran i kantane av hogstflater i dei første åra etter hogst. Desse vindfalla er attraktive for granbarkbillene og bør difor takast ut før dei blir angripne.

Kjelde: Nibio

Neste artikkel

Her er FNs klimakosthold-alternativer