Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nedskaleringa: 435 bønder selde mjølkekvote til staten

Resultatet av nedskaleringa viser størst utkjøp av mjølkekvotar i distrikta, medan seks tunge mjølkefylke ikkje klarte fylle utkjøpskvoten.

Kvotesal: 435 bønder har fått innvilga søknaden om å selje mjølkekvoten til staten viser tal frå Landbruksdirektoratet. I 8 kvoteregionar var det kø for å selje og mange som fekk avslag. I 6 andre regionar blei det derimot kjøpt ut mindre kvote enn målet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Kvotesal: 435 bønder har fått innvilga søknaden om å selje mjølkekvoten til staten viser tal frå Landbruksdirektoratet. I 8 kvoteregionar var det kø for å selje og mange som fekk avslag. I 6 andre regionar blei det derimot kjøpt ut mindre kvote enn målet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Resultatet av utkjøpsrunden for mjølkekvotar, som blei gjennomført tidlegare i år, viser at 435 bønder har inngått avtale om sal av kvoten til staten.

Det viser tal som Landbruksdirektoratet la fram fredag.

Staten har inngått avtale om utkjøp av litt over 35 millionar liter i kvote. Målet var på 40 millionar liter. Litt under 88 prosent av det ønska volumet blei dermed selt.

Ulik interesse i fylka

Flest bønder som selde kvoten var det i regionane Vestland (77), Trøndelag (76), Rogaland (66) og Oppland (54).

Målet var at utkjøpsvolumet skulle fordelast prosentvis likt på regionane etter dagens produksjonsvolum. Det viste seg å vere vanskeleg å få til.

I 8 kvoteregionar var interessa for å selje kvoten større enn volumet som var ønska utkjøpt. Det gjeld Østfold og Vestfold, Oslo og Akershus, Buskerud, Telemark, Agder, Vestland, Møre og Romsdal og Troms.

Det resulterte i at fleire bønder i desse fylka hamna på venteliste og til slutt fekk avslag på å selje kvoten. I desse regionane vart mengda som blei kjøpt ut også større enn målet som var sett på førehand. Størst overoppfylling blei det i Agder, Østfold og Vestfold med 37 prosent større kvotesal i volum enn det som var målet. Telemark følger etter med 24 prosent «oversal», følgt av Oslo og Akershus (11 prosent), Troms (7 prosent) og Buskerud (6 prosent).

I Vestland og Møre og Romsdal vart det inngått avtale om utkjøp av under ein prosent meir kvote enn planlagt utkjøpt på førehand.

I 6 kvoteregionar var situasjonen motsett. Der var interessa for å selje kvoten til slutt mindre enn volumet som var sett av til utkjøp. Det gjeld fleire av dei største mjølkefylka i landet: Hedmark, Oppland, Rogaland, Trøndelag, Nordland og Finnmark.

Annonse

I prosent så vart utkjøpsvolumet i minst grad fylt opp i Finnmark (31 prosent) følgt av Nordland og Oppland (73 prosent), Rogaland (76 prosent), Trøndelag (79 prosent) og Hedmark (83 prosent).

I snitt for alle fylke blei 88 prosent av utkjøpsvolumet fylt opp.

Fakta

Mjølk og eksportstøtte

I 2015 gjekk først regjeringa, så WTO, inn for å forby bruk av eksportstøtte til landbruksvarer. Stortinget vedtok i 2016 stopp frå 1. juli 2020.

Eksportstøtta for ost er sjølvfinansierande med avgifter på og tilskot til ulike meierivarer. Opp mot 8% av all norsk kumjølk har gått til eksport siste åra.

Kuttet på rundt 100 mill. liter mjølk skal skje ved oppkjøp av kvotar og ved kvotekutt. Kostnaden er anslått til rundt ein milliard kroner.

40 mill. liter skal ut ved at staten kjøper 80% av kvotane som blir selt fram til 31. mars. Staten dekker 36% av kostnadene (200 mill. kr) ved utkjøpa. Resten betalar bøndene med omsetningsavgift, som har auka frå 12 øre literen i 1. halvår 2019 via 22 øre i 2. halvår til rekordhøge 30 øre i 2020.

Resten av nedskaleringa skal skje ved redusert forholdstal på kvoten, som betyr at bønder får bruke mindre av kvoten dei har.

Først blei kvotane kutta 2% frå 2019 til 0,96 i forholdstal for 2020. I april blei kvotane auka til 1,01 for 2020 på grunn av forlenga osteeksport etter forseinka start for Tine-meieriet i Irland og usikker situasjon rundt koronaviruset. Tine varsla i mai behov for endå meir mjølk og tilrådde å auke forholdstalet til 1,05, noko Landbruks- og matdepartementet vedtok 8. juni.

Bønder har dermed på kort tid fått grønt lys til å auke produksjonen med 9%-poeng.

Fleire trekte seg på slutten

Olav Sandlund, seksjonssjef i Landbruksdirektoratet, seier at det var fleire bønder som valde å trekke seg frå utkjøpsordninga på slutten. Det gjorde at fleire fylke ikkje klarte fylle opp kvoten som var sett av til utkjøp.

«Det er flere grunner til dette. Noen produsenter solgte kvote privat etter påmeldingen, og noen valgte å trekke påmeldingen sin i løpet av prosessen», uttalar Sandlund i ei pressemelding.

«Noen produsenter solgte kvote privat etter påmeldingen, og noen valgte å trekke påmeldingen sin i løpet av prosessen»

Olav Sandlund, seksjonssjef i Landbruksdirektoratet
Resultat: Olav Sandlund, seksjonssjef i Landbruksdirektoratet, seier ein del valde å trekke seg frå utkjøpsordninga mot slutten. Det bidrog til at samla utkjøp av kvote blei mindre enn planlagt. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Resultat: Olav Sandlund, seksjonssjef i Landbruksdirektoratet, seier ein del valde å trekke seg frå utkjøpsordninga mot slutten. Det bidrog til at samla utkjøp av kvote blei mindre enn planlagt. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I andre regionar blei det selt meir kvote enn det som var sett av på førehand.

«Dette skyldes blant annet at alle som ble påmeldt på samme tidspunkt i en region fikk tilbud om å selge. Vi har også praktisert ordningen slik at neste på venteliste har fått tilbud om å selge ønsket mengde så snart det har vært ledig kvantum, selv om dette totalt sett medførte at avtalt mengde i regionen ble overskredet», skriv Sandlund på nettsidene til direktoratet.

Fakta

Mjølkekvotar

Bønder kan vanlegvis kjøpe, selje og leige ut mjølkekvotar til kvarandre innanfor kvar region.

I første halvår blei det gjennomført ein ekstraordinær runde med kjøp av kvote der staten kjøper opp minst 80% av kvoten som blir meldt for sal medan inntil 20% kunne seljast privat.

Ved ordinære salsrundar har regelen fram til nyleg vore at minst 20% av kvoten må seljast til staten for 2,50 kr pr. liter. Resten kan seljast privat til marknadspris.

I jordbruksavtalen i vår blei partane einige om at frå neste salsrunde, som har søknadsfrist 1. august 2021, må minst 40% av kvoten seljast til staten til ein pris på 4 kr pr. liter. Resten kan som før seljast privat til marknadspris.

Kvoteprisen ved privat omsetning varierer kraftig mellom regionane etter tilbod og etterspørsel. Sidan 2013 er prisnivået tredobla.

Neste artikkel

Slutt for prisvinnande geitost etter Meny-kutt