Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nederlag for Monsanto i fransk domstol

Ein fransk apelldomstol slår fast at Monsanto er ansvarleg for helseplagane til ein fransk bonde.

Det tyske selskapet Bayer eig Monsanto. Dei vurderer no om dommen skal ankast. Foto: Mostphotos
Det tyske selskapet Bayer eig Monsanto. Dei vurderer no om dommen skal ankast. Foto: Mostphotos

Historia starta 27. april 2004 då kornbonden Paul François, frå Charente-regionen sørvest i Frankrike, kom i skade for å inhalere ugrasmiddelet Lasso. Det skal ha ført til store helseplager, og fleire sjukehusinnleggingar.

Dårleg merking

I 2007 gjekk han til sak mot Monsanto. BBC melder at bonden krev ein million euro i kompensasjon frå Monsanto på grunn av helseplagene og fordi produktet var for dårleg merka.

Monsanto sine advokatar har tidlegare hevda at bonden måtte vere klar over at produktet kunne vere farleg.

Har eit ansvar

Apelldomstolen i Lyon slo fast at Monsanto er ansvarleg for helseplagane til bonden. Domstolen slo også fast at sjølv om bonden har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere produktet, kan ikkje det kompensere for "mangelen på informasjon om skadeverknadene av produktet, ettersom han er bonde og ikkje kjemikar". Det melder nettstaden Euractiv.

Annonse

Ikkje lenger i sal

Saka har versert i det franske rettssystemet i 12 år, og den er truleg ikkje over med dette. Bayer AG, det tyske selskapet som eig Monsanto, seier til BBC at selskapet no vurderer om saka skal ankast. Produktet som skal vere skuld i plagane, Lasso, inneheld verkestoffet alachlor, og er ikkje lenger i sal i Frankrike.

Organisasjonen Pytho-Victimes, som stør bonden under rettssaken, seier til nettstaden Euractiv at dommer er "delsiger". Samstundes er organisasjonen kritisk til Monstanto si handtering av saka. "Å hale ut tida gjennom å systematisk ta alle tilgjengelege verkemiddel i bruk, er ein strategi som Monsanto tar i bruk systematisk", heiter det i ei pressemelding frå organisasjonen.

I mars slo ein domstol i California i USA fast at Monsantos ugrasmiddel Roundup var ein betydelig faktor då den 70 år gamle Edwin Hardeman utvikla lymfekreft. Selskapet blir også saksøkt av fleire andre kreftpasientar i USA.

Neste artikkel

Kjempebjørnekjeks kan føre til alvorleg forbrenning