Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nasjonalt kompetansesenter skal styrkje dyrehelsa

Veterinærinstituttets nye nasjonale kompetansesenter for produksjonsdyr skal styrkje dyrehelsa i landet gjennom aktiv kunnskapsformidling til forvaltning og næring.

Målet med det nye senteret er å styrkje innsatsen for norsk produksjonsdyrhelse og auke tilbodet til næringa, privatpraktiserande veterinærar og veterinærar i Mattilsynet. Foto: Benjamin Hernes Vogl
Målet med det nye senteret er å styrkje innsatsen for norsk produksjonsdyrhelse og auke tilbodet til næringa, privatpraktiserande veterinærar og veterinærar i Mattilsynet. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Det nasjonale senteret, med hovudsete i Sandnes i Rogaland, vil produsere og formidle kunnskap i ulike format, inkludert kurs for tilsette i Mattilsynet, privatpraktiserande veterinærar og andre relevante mottakarar.

Aktuelle kurs vil blant anna dekke tema som prøvetaking og feltobduksjon, slik at veterinærar i ein beredskapssituasjon blir meir fortrulege når dei må takle vanskelege situasjonar i felt.

Annonse

– Målet er å styrkje innsatsen for norsk produksjonsdyrhelse og auke tilbodet til næringa, privatpraktiserande veterinærar og veterinærar i Mattilsynet. Dette skal gi betre innhenting av systematisk dyrehelse- og sjukdomsinformasjon og gjere det lettare å fange opp trendar og utvikling innan dyrehelse nasjonalt og internasjonalt, seier senterleiar Hanne Ringkjøb Skjelstad på Veterinærinstituttet sine nettsider.

Neste artikkel

Gjødselsselskapet N2 Applied er nå verdt 245 millioner