Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljødirektoratet kjem med fleire råd for torvreduksjon i jordprodukt

Miljødirektoratet har kome med ein rapport kor dei peikar på at informasjon, samarbeid og støtteordningar kan vere med å redusere bruken av torv i dyrkingsblandingar og jordforbetringsprodukt.

Miljødirektoratet har kome med ein rapport kor dei peikar på at informasjon, samarbeid og støtteordningar kan vere med å redusere bruken av torv i dyrkingsblandingar og jordforbetringsprodukt. Foto: Kari Hamre / NPK
Miljødirektoratet har kome med ein rapport kor dei peikar på at informasjon, samarbeid og støtteordningar kan vere med å redusere bruken av torv i dyrkingsblandingar og jordforbetringsprodukt. Foto: Kari Hamre / NPK

– Mange av oss kan gå over til å bruke gode torvfrie alternativ, men gartnarnæring kan ikkje slutte med torv like lett. Det viktigaste framover blir å utvikle meir og endå betre torvfrie produkt, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Klima- og miljødepartementet har bede Miljødirektoratet greie ut moglegheita for å fase inn bruken av torvfrie produkt i dyrkingsblandingar og jordforbetringsprodukt. Rapporten om korleis dette kan gjerast blir no sendt til Klima- og miljødepartementet.

Annonse

Miljødirektoratet kjem i rapporten med fleire forslag som kan drive fram ein overgang frå torv til torvfritt. I første fase (2020–2025) tilrår dei frivillige avtalar med støtteordningar for å redusere innhald av torv i produkt, produksjonsstøtte og/eller stønad til sluttproduktet og at det offentlege bør kjøpe torvfritt, der det er mogleg.

I tillegg foreslår dei at det blir merka tydeleg på jordsekkane kor mykje torv dei inneheld. Dei tilrår òg å sette ned ei nasjonal arbeidsgruppe for å drive prosessen og følgje med på utviklinga.

(©NPK)

Neste artikkel

Tilbakeblikk: Gårdsdammen – fra utskjelt til artsrik oase