Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mesta kappa vatningsanlegg til 16 bønder

Under kantslått på fylkesvegen mellom Enebekk og Missingmyr i Råde kommune i Østfold skada ei slåmaskin eit vatningsanlegg. 16 bønder vart råka, og Statens vegvesen beklagar.

– Me må bruke mange timar på å reparere skaden, seier leiaren for vatningsanlegget. Illustrasjonsfoto: Siri Juell Rasmussen

Eit vatningsanlegg i Råde gjer at bøndene får vatn frå Vansjø har vore i drift i 22 år, og leidningane der er lagt i ei sløyfe med fleire vasshydrantar. Dersom ein av hydrantane blir skadde må heile anlegget koplast ned, og måndag stod vatnet opp som ei fontene frå ein av hydrantane etter at Mesta si slåmaskin hadde vore der, skriv Moss Avis.

Vasshydranten ligg i kanten av åkeren, fleire meter frå vegen, og slåmaskina har treft toppen av maskina, skriv avisa.

Annonse

– Me må bruke mange timar på å reparere skaden, og heile anlegget må tappast for vatn, seier Ole Ramstad som er leiar for vatningsanlegget.

Han seier til avisa at han aldri har opplevd liknande, og han reagerer på at også det er slått heilt opp til ein halv meter av kornåkrane.

Byggeleiar Kim Kongshaug i Statens vegvesen har vore kontakt med den ansvarlege i Mesta som gjer oppdraget for Statens vegvesen. Kongshaug beklagar på vegner av Mesta, og seier at bøndene må sende erstatningskrav for skadane.

Neste artikkel

Bondeorganisasjon klager inn statskanalen etter kyllingreportasje