Kor mykje gjeld kvar gardbrukar har, varierer likevel mykje. Mens 19 prosent av bøndene hadde mindre enn 100.000 kroner i gjeld, hadde knapt 16 prosent ei gjeld på meir enn 4 millionar, fortel Statistisk sentralbyrå (SSB).
Sauebøndene er dei som har minst gjeld. Men sauebøndene er også dei gardbrukarane med lågast inntekt.
Medan kvar sauebonde i snitt hadde 1,3 millionar kroner i gjeld, var gjelda per brukar med blanda husdyrproduksjon heile 5,7 millionar kroner.
Over halvparten av brukarane med svin/fjørfe og med blanda husdyrproduksjon hadde meir enn 4 millionar kroner i gjeld. Men brukarar med svin og fjørfe er også dei som har størst inntekt.
Les òg: Jordbruket på vei mot gjeldskrise?
Geografisk er det gardbrukarar i Rogaland som toppar statistikken med ei samla gjeld på 11,9 milliardar kroner. Det er eit snitt på 3,0 millionar kroner per brukar.
Les òg: Landkreditt-topp mener regjeringen trekker Norge i retning av «danske tilstander»
Tala frå SSB viser elles at gardbrukarar i Nord-Trøndelag hadde den største inntekta i 2016 med eit snitt på 241.400 kroner. I andre enden av skalaen finn vi Telemark og Hordaland der gardbrukarane i snitt hadde ei inntekt på vel 106.000 kroner.