Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Med oppbretta ermar for småbøndene

Den nye leiaren i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner tørken i fjor fekk heile landet til å skjønne kor avhengige me er av norsk matproduksjon. No skal Kjersti Hoff snart inn i si første jordbruksforhandling for å kjempe for gode forhold for småbrukarar og bønder.

Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, skal for første gong vere med i jordbruksforhandlingane i vår. Foto: Johanne Flottorp / NPK

– Klimautfordringa er ei felles utfordring. Me må sikre at me har nok mat til folket – også i framtida, seier Kjersti Hoff, som i november blei valt til ny leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Ho har lang fartstid i landbruket, både som bonde og politisk engasjert. I 30 år har ho og mannen drive ein gard med mjølke- og kjøtproduksjon i Løten i Hedmark, men ved nyttår tok neste generasjon over drifta.

– Eg hadde ikkje takka ja til å bli ny leiar om eg framleis skulle drive garden sjølv, men i og med at dei ville overta, opna det seg ei ny moglegheit for meg. Eg har jobba mykje med landbruk, både praktisk og i organisasjonar, og det er dette eg kan mest om. Så eg håper eg kan vere med og bidra. Samtidig har eg mykje å lære, seier Hoff.

Dei første ti åra ho dreiv gard var Hoff aktivt med i Småbrukarlaget. Blant anna har ho vore fylkessekretær for laget i Hedmark. Ho har også vore varaordførar i Løten for SV og har sete i konsernstyret i Nortura.

Av dei to landbruks-faglaga me har i landet, var Småbrukarlaget eit betre val for Hoff enn Bondelaget.

Avhengig av norsk matproduksjon

– Me må ha eit landbruk som baserer seg på dei ressursane me har her i landet. Me har hatt vekst og effektivisering. Men no er kanskje tida inne for at me tek ein fot i bakken og spør oss om dette er rett måte å drive på framover, seier Hoff.

Ho meiner det er mange teikn i tida på at det må ei endring til. Klimautfordringane og ressursunderskot gjer at den norske matproduksjonen må tryggast.

– Då sola byrja å skine i fjor sommar, slutta ho jo aldri. Det trur eg fekk mange til å vakne. Bøndene gjorde det dei alltid hadde gjort, men det fungerte ikkje, seier ho.

Jordbruksavtalen 2018 blei signert av både Bondelaget og Småbrukarlaget, men det var ein klausul i avtalen som sa at forhandlinga kunne takast opp att dersom det vart ekstreme situasjonar. Og det blei det sommaren 2018.

– Ingen hadde trudd at Frp skulle gå inn for å gje tilskot til bøndene som tapte inntekter. Tidlegare har tonen vore at det er ein risiko ein må rekne med. Men også dei ser at me er avhengige av norsk matproduksjon og at bonden held seg oppe.

Einige om overskriftene

Annonse

Kjersti Hoff seier at landbruksaktørane i landet ofte er einige om kva som er dei store kampsakene.

– Om du snakkar med meg, leiaren i Bondelaget eller ein stortingsrepresentant, så trur eg me alle har dei same måla. Alle har dei same overskriftene når me skal halde innlegg, men så er det ulikt korleis me formar innhaldet. Alle snakkar om landbruk i heile landet, små og mellomstore bruk, inntektsutvikling og norske ressursar, fortel ho.

Politisk har det vore omveltingar i landbrukspolitikken, og då den nye regjeringa blei danna, tok Olaug Bollestad (KrF) over som landbruksminister.

– KrF har vore ei viktig brikke for oss på Stortinget i perioden med ei blå regjering. Dei har fronta landbrukspolitikken og kjempa for landbruk i heile landet, inntektsutvikling som harmonerer med folket elles og små og store bruk. Det håper og trur eg dei vil ta med seg vidare, seier Hoff.

Førstereis i jordbruksforhandlingane

I slutten av april leverer Småbrukarlaget og Bondelaget krava sine til staten, og dette markerer starten på jordbruksforhandlingane. Staten har om lag ei veke på seg før dei kjem tilbake med eit tilbod og så er det tid for forhandlingar, som etter planen skal vere ferdig 16. mai.

Kjersti Hoff skal inn i forhandlingane for første gong. Til veka er det representantskapsmøte i Småbrukarlaget for å diskutere politikken dei vil gå i dialog med Bondelaget om.

Småbrukarlagsleiaren seier ho ønskjer å byggje vidare på fleire av tiltaka som kom ut av oppgjeret i fjor. Mellom anna det såkalla pyramidetilskotet som betyr at ein får 1.400 kroner i tilskot per ku frå første ku og opp til 23. Tilskotet dalar deretter, og du får ingenting av dette viss du har 50 kyr eller meir. Det vil i praksis seie at mindre bruk kan få betre føresetnader for å drive med mjølkeproduksjon.

– Denne modellen trur eg kan vere overførbar til mellom anna sau, ammeku og også areal for å stimulere dei som driv gjennomsnittlege bruk eller bruk som er mindre, seier Hoff.

Setertilskotet er også eit resultat av forhandlingane i fjor, og Hoff meiner det er viktig med ei slik satsing på seterkultur dersom ein skal klare å halde oppe drifta av setrene.

Større takhøgd

Det førre landsmøtet til Norsk Bonde- og Småbrukarlag var eit grasrotmøte, der mange av medlemmene møtte for å vere med på å utarbeide ein politisk plattform for organisasjonen. Ressursutnytting av den norske jorda er også eit tema som har blitt grundig diskutert og undersøkt, og den nye leiaren er imponert over dei mange kreative medlemmene i organisasjonen.

– I Småbrukarlaget er det mange som ser moglegheiter. Det var kjempeartig å vere på landsmøtet og sjå mangfaldet av alt bøndene finn på for å skape inntekter og styrke bygdene sine. Det er ikkje sagt at alt det har vore tradisjon for å drive med fram til i dag, er det rette i framtida. Difor trur eg me må tenke litt utanfor boksen. Det er plass til mykje meir innunder landbruksparaplyen, seier Hoff.

Neste artikkel

Bøndenes klimaforhandlinger med staten har stoppet opp