Det er framleis stor fare for at skrantesjuke kan spreie seg ut av smittesona i Nordfjella, og difor bed no Mattilsynet Landbruks- og matdepartementet om å setje i verk tiltak for å hindre dette, skriv tilsynet på nettsidene sine.
Eitt av tiltaka er å forby saltsteinar i Nordfjella. Eit anna er å forby nyetablering av gjestebeiting for sau frå andre enn Nordfjella-kommunane.
Skrantesjuke er svært smittsamt, og dersom sjukdommen spreier seg ut av smittesona i Nordfjella, vil det få store følgjer.
Mattilsynet skriv at skrantesjuke er ein av dei mest alvorlege dyresjukdommane Noreg har stått overfor, og om ein skal lukkast i å vinne over sjukdommen må det innførast tiltak som vil vere inngripande for fleire grupper.
(©NPK)