Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fleire har blitt sjuke - mistenker smitte frå kylling

Svenske helsestyresmakter mistenker at smitte frå kylling er årsaka til veksten i sjukdomsførekomsten i Sverige siste vekene.

Smittefare: Helsestyresmaktene i Sverige mistenker at veksten i sjukdomsførekomsten siste vekene kjem av smitte frå kylling. Gjennomsteiking kan hindre smitte. Illustrasjonsfoto: Siri Juell Rasmussen

Talet på sjukdomstilfelle som følge av smitte frå bakterien campylobacter har auka kraftig siste vekene i Sverige.

Mistenker smitte frå kylling

Svenske helsestyresmakter mistenker at veksten kjem av smitte frå fersk kylling.

– Auken i talet på rapporterte tilfelle blant menneske kjem samtidig med rapportar om uvanleg høg førekomst av campylobacter i kyllingflokkar, skriv Folkhälsomyndigheten i Sverige.

Smittepresset frå campylobacter-bakterien er vanlegvis størst om sommaren. Utover hausten pleier talet på rapporterte tilfelle normalt gå ned, men det motsette har skjedd dei siste vekene i Sverige.

– I staden for å peike nedover peiker kurva bratt oppover, seier avdelingssjef på Folkhälsomyndigheten, Anneli Carlander, til Lantbrukets Affärstidning ATL.

I veke 46 vart det registrert 89 sjukdomstilfelle på menneske i Sverige. Veka etter var talet oppe i 112. Det er meir enn dobbelt så mykje som på same tid i fjor.

Annonse

Fakta

Campylobacter og kylling

Campylobacter er ein bakterie som ein ofte finn i fjørfe. Dei blir ofte ikkje sjuke sjølv, men er friske berar av bakterien.

Menneske som blir smitta kan få betennelse i tarmslimhinna og få feber, store magesmerter og akutt diaré.

Førekomsten av campylobactersmitte har auka kraftig i Sverige dei siste vekene.

Utbrot òg for to år sidan

Hausten 2016 og våren 2017 var det eit utbrot med kraftig auke i talet på sjukdomstilfelle i Sverige. Svenske helsestyresmakter åtvara då mot risikoen for smitte frå fersk kyllingkjøtt.

Kyllingbransjen fann etter kvart ut at det var problem med blant anna reingjering i produksjonen.

Nå ser problema ut til å ha kome tilbake, skriv ATL. Helsestyresmaktene ber kyllingbransjen setje inn tiltak for å få talet på smitta menneske ned.

– Sist gong fekk vi ein viss kritikk for at vi reagerte for seint. Nå vil vi rette merksemda mot dette og vårt signal er at ein må følgje opp dette og gjennomføre tiltak, seier Carlander.

Neste artikkel

Pakkestrømmen fra Kina til Sverige skrumper inn