Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nortura løfter prisen på storfe, uendra på lam

Nortura løfter prisen på storfe til rekordnivå neste halvår medan prisen på lam og egg blir halden uendra.

Prisendringar: Gjennomsnittsprisen på storfe blir løfta til sitt høgaste nivå nokon sinne neste halvår, medan prisen på lam blir halden stabil. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Prisendringar: Gjennomsnittsprisen på storfe blir løfta til sitt høgaste nivå nokon sinne neste halvår, medan prisen på lam blir halden stabil. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Konsernstyret i Nortura har fastsett planlagt gjennomsnittleg engrospris, såkalla PGE, for første halvår 2020.

Fakta

Jordbruksvarer utan målpris

Storfe, lam og egg er blant dei største jordbruksvarene utan målpris.

For desse varegruppene har Nortura gjennom den såkalla «volummodellen» fått i oppgåve å fastsetje ein «planlagt gjennomsnittleg engrospris» (PGE) to gonger i året. Prisen styrer i praksis prisen i marknaden og normalt får prisendringane også følgjer for betalinga som bonden får.

Storfe blei flytta over til den såkalla volummodellen i 2009, medan egg og lam kom etter i 2013. Bakgrunnen for fjerninga av målprisen var ei tilpassing til WTO.

Løft for storfe

Prisen på storfekjøtt får eit kraftig løft etter å lege relativt stabil på rett over 60 kroner per kilo i lengre tid.

I første halvår 2020 år blir den gjennomsnittlege engrosprisen på 61,20 kroner per kilo storfekjøtt, opp 70 øre frå dagens nivå.

Prisane har aldri vore så høge på storfe før. Auken er på 6 kroner per kilo i løpet av dei snart 6 åra som har gått sidan 1. halvår 2014.

Stabilt på lam

Annonse

Planlagt gjennomsnittleg engrospris på lam blir halden uendra på dagens nivå på 66,10 kroner per kilo.

Prisen på lam er dermed omtrent den same som i 2. halvår 2013. Då var prisen 66,20 kroner per kilo. Prisen auka så til rett over 70 kroner per kilo før ubalanse i marknaden førte til prisfall i 2016.

Prisen på lam låg deretter lenge stabilt på 64,60 kroner per kilo før prisen blei auka med 1,50 kroner per kilo dette halvåret.

Fleire frittgåande høner

Prisen på egg vil i praksis ikkje auke verken til produsent eller i engrosmarknaden, melder Nortura, sjølv om planlagt gjennomsnittleg engrospris for egg blir auka med 10 øre til 19,50 kroner per kilo i første halvår neste år.

«Dette er en teknisk justering som ikke vil medføre økte priser til produsent eller i engrosmarkedet. Egg fra miljøinnredning reduseres med kr 0,10 per kilo», skriv Nortura.

Planlagt gjennomsnittleg engrospris på egg auka med 25 øre per kilo dette halvåret. Nortura melde i samband med prisauken i mai at den var i realiteten ein rein teknisk justering på grunn av at ein venta at ein større del av egga ville kome frå frittgåande høner til ein høgare pris enn egg frå høner i miljøinnreiing.

Neste artikkel

Nortura-grep skaper uro i halalmarkedet