Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Legg fram 30 klimaforslag for jordbruket

Bondeorganisasjonane føreslår ei rekke nye klimatiltak i jordbruket i forhandlingane med regjeringa.

Klimatiltak: Betre graskvalitet, redusert jordpakking og utfasing av fossil energibruk er blant klimatiltaka som bondeorganisasjonane føreslår. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Klimatiltak: Betre graskvalitet, redusert jordpakking og utfasing av fossil energibruk er blant klimatiltaka som bondeorganisasjonane føreslår. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Klimaforhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane starta onsdag. Bondeorganisasjonane la fram 30 nye klimatiltak i forhandlingsdokumentet som dei presenterte for staten.

– Breitt spekter

Fleire av tiltaka blir i dag ikkje fanga opp i den offisielle utsleppsrekneskapen, ifølgje bondeorganisasjonane.

– Vi ønsker å få på plass ein avtale som i sum skaper eit endå meir klimavenleg jordbruk, og føreslår eit breitt spekter av klimaløysingar. For å oppnå resultat kan vi ikkje avgrense oss til få tiltak som skal passe inn i dagens utsleppsrekneskap. Det skaper heller ikkje realistiske forhandlingar sidan dette handlar om biologiske prosessar, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, i ei pressemelding.

Blant klimatiltaka som bondeorganisasjonane tar til orde for er alt frå betre graskvalitet, effektar av avlsarbeid, grep for betre avlingar som meir kløver i eng, kalking og redusert jordpakking til utfasing av fossil energibruk.

Her er lista over tiltaka (ekstern link) med oversikt over kva tiltak som inngår, eller ikkje inngår, i klimarekneskapen til jordbruket.

Her er heile forhandlingsdokumentet (ekstern link) med forslag frå jordbruket.

Ny forsking på trappene

Leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Kjersti Hoff, peiker på at fleire pågåande prosessar vil kunne påverke utsleppsrekneskapen til jordbruket og gi meir kunnskap om moglege klimakutt. Det meiner ho blir avgjerande i dei vidare forhandlingane.

– Vi må i forhandlingane ta høgde for dei mange klimagrepa som alt blir gjort på norske gardsbruk, og som per i dag ikkje blir godskrive i utsleppsrekneskapen til jordbruket. I tillegg må vi også tore å peike på nokre av dei løysingane som framleis er på teiknebrettet, seier Hoff i pressemeldinga.

Bondeorganisasjonane peiker på at ny forsking vil gi verdifull kunnskap om klimatiltak og effektar. Dei viser til at alt denne våren blir det presentert fleire forskingsrapportar som kan gi svar på sentrale spørsmål i dei pågåande klimaforhandlingane.

Blant dei er:

• Utgreiing om presisjonsgjødsling (presentasjon 1. mars 2019)

• Utgreiing om karbonbinding i jord (presentasjon 1. mars 2019)

• Evaluering av pilotordninga for biogass (presentasjon 1. mars 2019)

• Eit stort prosjekt om omgraving av myr (blir avslutta 1. juli 2019)

• Eit stort prosjekt om 100 prosent biodiesel på traktoren (mars 2019)

Annonse

Fakta

Jordbruk og klimautslepp

Klimagassutsleppa frå jordbruk, slik SSB definerer det, var på 4,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2017, ned 4,2% sidan 1990. Mesteparten er metangass frå storfe og sau.

Norge har før signalisert at vi vil forplikte oss til 40% utsleppskutt innan 2030 i ikkje-kvotepliktig sektor, der jordbruk inngår, i tråd med EUs plan for kuttfordeling. I regjeringsplattforma er målet oppjustert til 45% utsleppskutt.

Regjeringa krev kutt på 5 mill. tonn CO2-ekviv. samla frå jordbruket over ti år frå 2021 til 2030. Jordbrukets bidrag til kutt i andre sektorar som transport, bygg og areal (unntatt skog) skal inngå i reduksjonsmålet.

– Avhengig av pengar

Regjeringa har tidlegare stilt krav om at jordbruket samla må kutte 5 millionar tonn CO2 i perioden 2021 til 2030.

I tillegg stiller regjeringa krav om at CO2-avgift på utslepp av klimagassar frå jordbruket skal vurderast.

I forhandlingsdokumentet ber bondeorganisasjonane om ei avklaring på om regjeringa opnar for å ta inn klimakutt som i dag ikkje blir fanga opp i den offisielle utsleppsrekneskapen.

Bondeorganisasjonane gjer det også klart at forpliktingane jordbruket kan gå inn for også er avhengig om regjeringa er villige til å stille med tilstrekkelege verkemiddel og finansiering.

– Eg vil understreke at vi er utolmodige etter å kome skikkeleg i gang. Det er behov for auka innsats innan forsking og utvikling, auka stimuli til klimainvesteringar i jordbruket, aktiv bruk av Enova og fondsordningar, i tillegg til målretta klimarådgjeving for bonden, seier Bartnes i pressemeldinga.

Ein klimaavtale for jordbruket må vere fleksibel og innehalde mekanismar som gjer det mogleg å ta i bruk ny kunnskap undervegs i avtaleperioden, meiner Hoff.

– Det skjer utruleg mykje spanande på forskingsfronten innan mat og landbruk. Ein klimaavtale for jordbruket skal peike framover og må kunne ta høgde for at nokon forskingsinitiativ vil gjere stor suksess, medan andre vil mislukkast. Det viktigaste er å legge til rette for tiltak som faktisk fungerer, og ikkje la oss avgrense av ein avtale utan rot i det verkelege liv, seier Hoff.

– Tilpassar oss marknaden

Bondeorganisasjonane viser til at utsleppa i jordbruket blir påverka direkte av produksjonen av mat og indirekte gjennom trendar som folketalsvekst, kosthald, grensehandel og matkasting. Bartnes viser til at dei forhandlar på vegner av norske bønder og seier det avgrensar kva det er naturleg å inngå ein klimaavtale om.

Ifølgje bondeorganisasjonane har regjeringa eit ønske om at avtalen skal innehalde tiltak som redusert matsvinn blant forbrukarane og eit endra kosthald.

– Vi må tilpasse oss marknaden. Norske bønder skal produsere det den norske forbrukaren etterspør, og landbruket har ansvaret for marknadsbalansen mellom tilbod og etterspørsel, seier Hoff i pressemeldinga.

Neste artikkel

Senterpartiet vil ha tak på lederlønninger i staten