Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lam halshogd på fjellet

Eit lam vart funne drepen på fjellet i Kvam, men lammet var ikkje drepen av eit rovdyr.

Kenneth Offerdal har nærmare hundre sauar og lam som beiter i fjellet i Ytre Ålvik i Kvam. På søndag vart eitt av lamma hans funne av ein turgåar. Det viste seg at hovudet var kappa av, skriv Bergens Tidende (BT).

Offerdal tok kontakt med Statens naturoppsyn fordi han reagerte på dei reine kutta, som ikkje samsvarte med rovdyr. Etter ei undersøking av lammet er konklusjonen at det ikkje vart drepen av eit rovdyr.

Rovviltkontakt Ingar Slettemark seier han aldri har opplevd noko liknande tidlegare.

Etter å ha forhøyrt seg med andre, har Offerdal to teoriar på kva som kan ha skjedd.

Annonse

– Det kan vere at nokon har vore på tur med ho, også har hunden angripe lammet. Så har eigaren skåre av hovudet for å skjule bevis, seier han.

– Alternativ to er at nokon har alvorlege problem i knotten, og at dei har gjort dette for gøy.

Saueeigaren har no politimeldt saka.

(©NPK)

Neste artikkel

Sjå korleis Guro (27) og Vegard (28) fekk oppfylt småbruksdraumen nær byen