Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kyrkjetoppar vil ta vare på matjord: Ber politikarar snu

Frå det øvste kyrkjeorganet i Time kjem det klare oppfordringar til politikarar om å snu og berge matjorda. Påtroppande prost på Jæren rosar jordvern-engasjementet.

Nedbyggingstruga: 150 mål førsteklasses matjord på Ree utanfor Bryne, eit område som strekker seg heilt til vegen som kan skimtast i bakgrunnen oppe til venstre, er truga av nedbygging. Nå går ei rekke kyrkjetoppar i Time ut og ber lokalpolitikarane snu og stoppe utbyggingsplanane på matjorda. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Nedbyggingstruga: 150 mål førsteklasses matjord på Ree utanfor Bryne, eit område som strekker seg heilt til vegen som kan skimtast i bakgrunnen oppe til venstre, er truga av nedbygging. Nå går ei rekke kyrkjetoppar i Time ut og ber lokalpolitikarane snu og stoppe utbyggingsplanane på matjorda. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I Time på Jæren har det blussa opp ein stor jordvernstrid der stadig fleire går imot å bygge ned 150 mål førsteklasses matjord utanfor Bryne.

Eit par tusen personar har signert opprop mot nedbygginga. Bonden på 28 år, som eig ein tredel av jorda og har investert opp mot 20 millionar kroner i garden, vil ifølgje Jærbladet ikkje selje.

Fylkesmannen ber lokalpolitikarane om å snu. Det same gjer også tidlegare stortingsrepresentant for KrF og leiar i jordvernforeininga, Olaf Gjedrem, skriv Stavanger Aftenblad. Landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) har på si side ifølgje Rogalands Avis kalla det galskap å bygge ned dyrka jord.

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord omdisponerte Time til saman 4029 mål ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det går for tida føre seg to store jordvernstridar i Time. 150 mål dyrka jord kan måtte vike til fordel for industri, lager og sal av plasskrevjande varer. I ein annan kant av kommunen er det planar om å bruke opp mot 2000 mål jordbruksjord til utbygging av datasenter.

Kyrkjeleiar ut mot KrF

KrF lokalt har derimot ikkje uttrykt vilje til å snu. Dei møter nå kraftig motbør også frå øvste kyrkjelege hald i Time der ei rekke av dei øvste tillitsvalde går ut med klar oppmoding til politikarane om å snu og ta vare på matjorda.

– KrF verkar å vere fastlåst i gamle tankar. Dei kan ikkje ha tatt inn over seg at situasjonen i verda har endra seg og at folk også har endra syn når det gjeld matforsyning. Det ser vi ikkje minst etter at vi fekk covid-19. Landbruksministeren reiser også land og strand og snakkar om å ta vare på matjorda og at berre tre prosent av arealet vårt er dyrka jord, men så har vi lokalpolitikarar som ikkje tar inn over seg at verda endrar seg, seier Willy Finnbakk til Nationen dagen før kommunestyret i Time skal ta stilling til saka.

Finnbakk er både leiar i Time sokneråd og Time kyrkjelege fellesråd, som er det øvste organet til kyrkja i Time. For mange av lesarane til Nationen er Finnbakk kjent som tidlegare styreleiar i Norsvin. Han er mjølke og svinebonde i Time. I tillegg er han også leiar i Landbruksråd Rogaland, eit samarbeidsorgan for landbruksorganisasjonane, og leiar for regionutvalet Agro i Nortura på sørvestlandet.

Jordgrunnlag: Bonden som eig ein tredel av den nedbyggingstruga jorda vil ikkje selje. Han har investert opp mot 20 millionar i dette nye robotfjøset og oppbygging av garden like ved og han risikerer nå å miste delar av jorda som drifta bygger på. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordgrunnlag: Bonden som eig ein tredel av den nedbyggingstruga jorda vil ikkje selje. Han har investert opp mot 20 millionar i dette nye robotfjøset og oppbygging av garden like ved og han risikerer nå å miste delar av jorda som drifta bygger på. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Finnbakk rosar initiativtakarane til aksjonen for å ta vare på matjorda. Han seier det har kome tydeleg fram at det ikkje er for seint å snu.

– Matjorda har vore der i tusenvis av år og den bør ligge der i tusenvis av år til. Mi grunnhaldning er at om vi må bygge, så må vi bygge på fjellgrunn og uproduktiv jord, og ikkje på den beste jorda vi har. Eg vil oppfordre politikarane til å snu. Det er ikkje for seint, seier Finnbakk.

Finnbakk seier det ikkje nyttar berre å snakke om jordvern i festtalar, men at politikarane må vise det i praksis. Leiaren av Time kyrkjelege fellesråd reagerer også på at gruppeleiaren i Time KrF, som elles også sit som kommunal representant i nettopp Time kyrkjelege fellesråd, viser til planar som vart laga for 10 år sidan eller meir som grunn for ikkje å snu.

– Om ein skal halde fast på feil som blei gjort for 10 år sidan, berre fordi det står i ein plan, så blir det tafatt politikk, seier Finnbakk.

«Om ein skal halde fast på feil som blei gjort for 10 år sidan, berre fordi det står i ein plan, så blir det tafatt politikk»

Willy Finnbakk, leiar i Time kyrkjelege fellesråd
Jordvern: Willy Finnbakk, som er leiar i Time kyrkjelege fellesråd og bonde, går hardt ut mot planane om å bygge ned meir matjord. Han og fleire andre i det øvste kyrkjeorganet i Time ber politikarane snu. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvern: Willy Finnbakk, som er leiar i Time kyrkjelege fellesråd og bonde, går hardt ut mot planane om å bygge ned meir matjord. Han og fleire andre i det øvste kyrkjeorganet i Time ber politikarane snu. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Kyrkjetoppar ber for jorda

Finnbakk ser ut til å ha brei støtte i det øvste kyrkjeorganet i Time i oppmodinga til lokalpolitikarane om å snu og ta vare på matjorda.

Nestleiar i Time kyrkjelege fellesråd, Anne Brit Ree, er blant mange som har skrive under på oppropet mot nedbygginga av den dyrka jorda. Ho har sjølv lenge vore frontfigur for Arbeidarpartiet i Time og ho sat i formannskapet frå 2003 til 2019. Ree seier ho tar sjølvkritikk på at ho ikkje har prøvd å stoppe planane før. Like fullt ber ho sine tidlegare partikollegaer i Ap om å gå inn for å ta vare på matjorda.

– Eg håper at politikarane klarer snu. Det gjeld også Ap. Det er alt for god jord til at vi kan la den gå tapt, seier ho og viser til at matjorda har brødfødt folk i området i mange tusen år.

Annonse

– Fleire får auga opp for kor viktig jordvern er. Jordvern har vore viktig lenge, men jordvern og matproduksjon blir viktigare, seier Ree, som sjølv bur tett på området som er truga av nedbygging.

Jarle Braut er eitt av dei andre medlemene i Times øvste kyrkjeorgan som har signert oppropet mot nedbygging av matjorda.

– Eg har slutta meg til oppropet fordi det er eit samanhengande og fint område på 150 mål med tidleg og god kulturjord. Eg oppfordrar politikarar frå alle parti til å ta vare på matjorda og eg håper det blir fleirtal for det i denne saka, seier Braut, som viser til at jorda i området har vore dyrka i fleire tusen år.

Braut har sjølv vore bonde heile livet og har lang fartstid bak seg som Venstre-politikar på fylkesnivå.

– Vår viktigaste oppgåve

Det er lang tradisjon i kyrkja for å engasjere seg i å ta vare på jorda, naturen og miljøet. Nationen har tidlegare intervjua biskopar med eit stort jordvern-engasjement og som kritiserer samfunnets nedbygging av jord.

Påtroppande prost i Jæren prosti, Lars Sigurd Tjelle, snakkar også varmt om jordvern. Han rosar engasjementet for jordvern i Time kyrkjelege fellesråd.

– Sokneråda må få uttale seg og engasjere seg i det dei synest er rett. Eg synest det er flott at kyrkjelyden er engasjert i jordvern. Samtidig veit vi at det alltid vil vere ulike syn, seier Tjelle til Nationen.

Tjelle har i over åtte år vore sokneprest på Nærbø i nabokommunen Hå. Frå 1. oktober tar han over som prost for Jæren prosti, som dekker både Time, Klepp, Hå og Gjesdal. Tjelle seier han vil vere forsiktig med å uttale seg om konkrete saker før han tek til i stillinga, men han snakkar varmt om jordvern på generelt grunnlag.

– Generelt er det klart at det å verne om ressursane våre, om jorda og det vi treng for å lage mat, er kjempe viktig. Det er ikkje vanskeleg å legge det perspektivet til grunn ut frå skaparverket vi har fått og det Gud har gitt oss. Det er ikkje vanskeleg å sjå at vi må verne om jorda vi har, seier Tjelle.

Han seier menneska i eit forvaltarperspektiv må ta vare på jorda og naturressursane. Det seier han er viktig også med tanke på å brødfø menneske i ei verd der mange svelt.

– Den viktigaste oppgåva vi har fått er å ta vare på jorda og på kvarandre, seier Tjelle.

«Den viktigaste oppgåva vi har fått er å ta vare på jorda og på kvarandre»

Lars Sigurd Tjelle, påtroppande prost på Jæren
Skaparverket: Lars Sigurd Tjelle, som tar over som prost i Jæren prosti frå 1. oktober, seier ei av dei viktigaste oppgåvene menneska har fått er å ta vare på skaparverket. Foto: Privat
Skaparverket: Lars Sigurd Tjelle, som tar over som prost i Jæren prosti frå 1. oktober, seier ei av dei viktigaste oppgåvene menneska har fått er å ta vare på skaparverket. Foto: Privat

Den nytilsette prosten vedgår at det kan vere lettare å uttale seg prinsipielt enn for politikarane som må vege ulike omsyn mot kvarandre. Han har merka seg engasjementet for jordvern og utelukkar ikkje at kyrkja vil gå meir inn også i konkrete saker framover.

– Jæren er eit matfat av dimensjonar. Det er klart vi må vere engasjert i jordvern. Vi må legge forholda til rette for matproduksjon og ta omsyn til miljøet, naturen og dyra. Det må vi gjere òg i kyrkja, seier han.

– Det kan godt vere at vi som kyrkje skal jobbe endå meir med jordvern, miljø og klima. Vi skal ikkje ta lett på forvaltning av skaparverket, seier Tjelle til Nationen.

Neste artikkel

Jordvernet, mangesysleri og EU