Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kverke er påvist på hestar i Akershus

Sjukdommen kverke er påvist på tre hestar i Akershus. Hestane er isolert, og kan ikkje flyttast før hest og stall er friskmeldt, melder Mattilsynet.

Kverke er påvist på ein hest i Bærum og to hestar på Romerike, og det er ingen kjent forbindelse mellom dei to tilfella, skriv Mattilsynet.

Stallane hestane står på, samt eit beite, er bandlagt, noko som betyr at hestane er isolert og ikkje kan flyttast før både hestar og stall er friskmeldt. Prøvane er analysert ved Veterinærinstituttet.

Annonse

Det er på noverande tidspunkt ikkje mistanke om at fleire hestar er smitta.

Fakta

Kverke

Kverke er ein akutt og smittsam bakterieinfeksjon i luftvegane hjå dyr av hesteslekta, og er ikkje farleg for menneske. Kverke finst over heile verda, og i Noreg blir sjukdommen påvist ved fleire tilfelle årleg.

Kverke forårsakast av bakterien Streptococcus equi subsp. equi, og vanlegvis viser dyra symptom på sjukdommen mellom 4 og 8 døgn etter at dei har blitt smitta. Bakterien er følsam for antibiotika og behandlinga er effektiv for dei fleste hestar.

Typiske symptom kjem plutseleg i form av utflod frå nasen, hoste, feber og nedsett matlyst. Seinare utviklast det verkebyllar i lymfeknutane, oftast i hals og hovud. Dette gir hevelsar og smerter som fører til at svelging av fôr og vatn blir vanskeleg for dyret. Etter omtrent 10–12 dagars sjukdom sprekk verkebyllane, hevelsen og smerta minkar, og dyret byrjar snart å ete. I nokre tilfelle kan dyret få ulike komplikasjonar som følge av sjukdommen.

Sjukdommen smittar ved direkte kontakt mellom hestar, og kan overførast via utstyr og menneske. Den viktigaste årsaka til spreiinga av sjukdommen er flytting av hestar. Sjuke hestar spreier smitten i minst seks veker etter infeksjonen. I sjeldne tilfelle kan tilsynelatande friske dyr som har hatt sjukdommen spreie smitten i månadsvis. Bakterien kan overleve 6–8 veker i stallmiljøet.

Kverke er ein B-sjukdom og mistanke om sjukdommen skal meldast til Mattilsynet.

Kjelde: Mattilsynet

Neste artikkel

Mattilsynet må samarbeide bedre med beitenæringen