Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF snur i jordvernstrid: – Stort trykk frå grasrota

Etter kritikk frå fleire hald snur KrF i Time og varslar motstand mot utbygging på matjord. Gruppeleiaren trur resultatet kan bli at dobbelt så mykje matjord blir spart.

Komplisert: Sverre Risa, gruppeleiar for KrF i Time og tidlegare varaordførar, seier at striden mellom utbygging eller å ta vare på matjorda har vore svært vanskeleg for KrF og han seier saka er meir komplisert enn mange trur. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Komplisert: Sverre Risa, gruppeleiar for KrF i Time og tidlegare varaordførar, seier at striden mellom utbygging eller å ta vare på matjorda har vore svært vanskeleg for KrF og han seier saka er meir komplisert enn mange trur. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I Time på Jæren har det blussa opp ein stor jordvernstrid der stadig fleire går imot å bygge ned 150 mål førsteklasses matjord utanfor Bryne.

Eit opprop mot nedbygging har fått brei oppslutning på grasrota. Ein av grunneigarane går òg imot, Fylkesmannen ber lokalpolitikarane snu og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har kalla det galskap å bygge ned dyrka jord.

KrF i Time har derimot lenge stått fast på utbyggingsplanane, noko partiet fekk kraftig motbør for frå øvste kyrkjelege hald i Time måndag.

Biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy, har sidan også gått ut og understreka at det er viktig å ta vare på matjorda og sagt at det ikkje er for seint for politikarane å snu.

– Stort trykk

Sverre Risa, gruppeleiar i KrF i Time, går nå ut og varslar at partiet har snudd og vil gå imot utbygginga på Ree og Svertingstad utanfor Bryne.

– Grunnen er trykket som er skapt. Vi har fått mange reaksjonar frå mange hald. Dei skal vi lytte til. Det har òg vore veldig stort engasjement blant våre partimedlemer, seier Risa til Nationen.

Han seier at det framleis ikkje er heilt avklart korleis KrF-representantane vil stemme, men han seier det ligg an til at minst to av dei tre representantane i kommunestyret vil stemme nei til utbyggingsplanane.

– Det kan vere at det blir 2 mot 1 til fordel for å bevare jorda, men det kan også vere at alle tre vil stemme for bevaring. Det kjem nok litt an på korleis debatten i kommunestyret vil gå, seier Risa.

Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Den dyrka jorda er av beste kvalitet, ifølgje Nibio. I fleire år er jorda brukt til dyrking av gulrøter. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Den dyrka jorda er av beste kvalitet, ifølgje Nibio. I fleire år er jorda brukt til dyrking av gulrøter. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Sjølv har Risa meldt fråfall frå møtet. Han oppgir at han har tatt ein koronatest og derfor ikkje visste om han ville kunne møte.

– Derfor synest eg det var best å kalle inn vara. Om eg hadde møtt, så ville eg nok snudd og stemt imot eg også, seier Risa.

Matjord, jordvern og Time

Fakta

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord omdisponerte Time til saman 4029 mål ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det går for tida føre seg to store jordvernstridar i Time. 150 mål dyrka jord kan måtte vike til fordel for industri, lager og sal av plasskrevjande varer. I ein annan kant av kommunen er det planar om å bruke opp mot 2000 mål jordbruksjord til utbygging av datasenter.

– Meir jord kan bli verna

Risa gir uttrykk for at striden mellom utbygging og vern av jorda har vore særs vanskeleg for KrF. Han tykkjer også det er urettferdig at KrF har hamna i ein skvis.

– Eg synest det er urimeleg at vi blir skvist mellom to blokker med Frp og Høgre på eine sida og dei andre på andre sida. Denne utbygginga har alle stått saman om i mange år, seier Risa.

Det ligg nå etter alt å døme an til at Sp, MDG, SV og Venstre vil stemme for å ta vare på matjorda. Med KrF på laget kan fleirtalet vippe, men det kan dels vere avhengig av om alle i KrF vil stemme for å ta vare på jorda. Det kjem òg an på korleis Ap vil stemme. I utvalet for lokal utvikling var Ap delt. I kommunestyret er det også to avhopparar frå Ap som i dag er uavhengige.

– Det som avgjer er kva Ap stemmer. Dette kan bli heilt jamt, seier Risa.

Annonse

Risa kallar striden ei «forrykande vanskeleg sak». Han seier resultatet kan bli at endå meir jord blir tatt ut av utbyggingsplanane dersom jordverninteressene vinn fram på det aktuelle området.

– Dei som vil ta ut området må også ta ut resten av arealet nærare Bryne. Det er sett av til bustadbygging, seier Risa, som seier han synest det er vanskeleg av omsyn til grunneigarane som i lang tid har innstilt seg på at området skulle byggast ut.

Det andre området er ifølgje Risa truleg litt større enn området striden til nå har stått om. Med andre ord trur Risa at resultatet kan bli at over 300 mål matjord blir tatt ut av utbyggingsplanane og dermed tatt vare på.

– Bustader kan vi bygge andre stader, som på Lye. Næringsareal er det meir problematisk å flytte. Det har vi heller ikkje så mykje av på Bryne, seier Risa.

Han viser til at om utbygginga av areal for næring og storhandel på dei aktuelle 150 måla blir stoppa, så vil det vere endå mindre grunn til å bygge ut resten av området med bustader.

– Du synest ikkje det er bra om det blir 300 mål som blir tatt vare på i staden for 150?

– Jau, men det eine må følge det andre. Vi hadde ei låst linje rundt Bryne som sette grensene for vekst. Det var alle einige om, også i desember. Det er ikkje sikkert at alle har tenkt igjennom følgjene, seier Risa, som seier ein av følgjene også kan bli at det må leggast nye planar for vegar inn i området.

– Komplisert sak

Kritikken og oppfordringane om å verne matjorda som kom frå det øvste kyrkjeorganet i Time kommenterer Risa slik:

– Det er bra dei er opptatt av jordvern, seier han.

Risa seier seg eining med biskopen i Stavanger at det ikkje er for seint å snu.

– Det er rett det, det er råd å snu, men det er ei komplisert sak. Eg veit ikkje om alle har sett seg nok inn i saka, seier Risa.

Neste artikkel

Frp klatrer på ny meningsmåling