Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF greip inn i jordvernstrid: – Kunne skade partiet

KrF sentralt var involvert då partiet snudde i jordvernstriden på Jæren, ifølgje gruppeleiar, som seier saka kunne skade partiet i neste stortingsval.

Skadeleg: Gruppeleiar i Time KrF, Sverre Risa, seier jordvernstriden blei vurdert som svært skadeleg for partiet både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Rogaland er det tyngste KrF-fylket i landet målt i talet på stemmer og viktig for KrF i kampen mot sperregrensa i stortingsvalet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Skadeleg: Gruppeleiar i Time KrF, Sverre Risa, seier jordvernstriden blei vurdert som svært skadeleg for partiet både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Rogaland er det tyngste KrF-fylket i landet målt i talet på stemmer og viktig for KrF i kampen mot sperregrensa i stortingsvalet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Denne veka førte ein betent jordvernstrid i Time på Jæren til at KrF-representant Anders Undheim melde seg ut av KrF i ein pause under møtet i kommunestyret. Få minutt seinare sørgde han for fleirtal for nedbygging av 150 mål førsteklasses dyrka jord.

Det skjedde etter at KrF like før kommunestyremøtet snudde i striden og gjekk imot utbygginga.

Undheim sjølv har fortalt om press både frå lokalt og nasjonalt hald. Nå stadfestar gruppeleiar i Time KrF, Sverre Risa, at sentrale personar i KrF var involvert før avgjerda om å snu blei tatt.

– Det er ikkje naturleg for meg å seie kven det var som tok kontakt, men det var folk sentralt i partiet. Dei overlét avgjerda til oss, men vi kan jo lese mellom linjene vi òg, seier Risa til Nationen.

Ville ikkje snu

Risa seier jordvernstriden var vond og vanskeleg for KrF, men at dei til slutt ikkje hadde anna val enn å snu.

– Det var derimot ikkje like enkelt for alle å snu. Anders var opptatt av å stå på avtalane og planane, først og fremst av omsyn til grunneigarane. I debatten blei det klart at han kom på vippen. For at KrF ikkje skulle ta heile støyten, som det jordvernpartiet vi er, så valde han å melde set ut, seier Risa.

Risa seier han forstår avgjerda til KrF-kollegaen om å melde seg ut sidan det var vanskeleg for Undheim å snu, men han beklagar avgjerda, og seier det er tungt å miste ein dyktig partifelle.

– Blei han bedd om å melde seg ut?

– Nei, det var ei avgjerd han tok sjølv. Han ville ikkje at KrF skulle bli påført den belastinga, seier Risa.

Var det påtrykk frå sentralt hald i partiet?

– Ikkje mykje. Det har vore eit trykk, men på ein fin måte. Dialogen sentralt har vore fin. Dei gav uttrykk for at det var noko vi sjølv må vurdere, men vi forstår òg at vi må ta omsyn til vala partiet skal igjennom framover. Dette handlar om meir enn berre jordvern, seier Risa.

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord, omdisponerte Time til saman 4029 mål, ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det har siste tida gått føre seg to store jordvernstridar i Time. 150 mål dyrka jord blei med knappast mogleg fleirtal vedtatt å måtte vike til fordel for industri, lager og sal av plasskrevjande varer. I ein annan kant av kommunen er det planar om å bruke opp mot 2000 mål jordbruksjord til utbygging av datasenter.

– Kunne skade partiet

Gruppeleiaren i Time KrF gir uttrykk for at det ville ha vore svært skadeleg for partiet i komande val, både lokalt, regionalt og nasjonalt, om det var KrF som sørgde for fleirtal for nedbygging av den dyrka jorda. Kontakten med KrF sentralt rundt snuoperasjonen utdjupar han slik:

– Det var ikkje eit sånt trykk at vi måtte snu. Dei har forståing for situasjonen vi har vore i. Vi har tatt avgjerda ut frå både jordvern og av omsyn til partiet både lokalt, på fylkesnivå og nasjonalt. Det kunne få følgjer slik trykket har vore, seier Risa.

Sjølv kallar han KrF for det største jordvernpartiet lokalt.

– Men viss vi ser berre på denne saka, så kan det framstå noko annleis, seier han.

– Var det frykt for at saka kunne skade partiet i dei komande vala?

– Ja, heilt klart. Slik saka er framstilt, sjølv om vi er ueinige. Så høgt vi står på banen på jordvern, og det at vi har landbruksministeren, så er det klart at det kunne skade partiet vårt om vi ikkje fann ut av det.

«Så høgt vi står på banen på jordvern, og det at vi har landbruksministeren, så er det klart at det kunne skade partiet vårt om vi ikkje fann ut av det»

Sverre Risa, gruppeleiar i KrF i Time

– Påverka det vala som blei tatt?

– Ja, det trykket som har vore både frå våre medlemer og folks syn generelt. Vi er ikkje upåverkelege. Det har verka inn.

– Også på utmeldinga?

– Ja, litt det òg. Anders gjorde det for å skåne partiet. Vi valde å snu. Det var vanskeleg for han, så han valde heller å melde seg ut av partiet, seier Risa.

Sjølv om han beklagar at Undheim melde seg ut, så seier han òg at det ville blitt svært tungt å møte veljarane i neste runde om det var KrF som hadde vippa fleirtalet til fordel for utbygging.

– Snakka de om utmelding som ei løysing?

Annonse

– Nei, ikkje sånn sett, men det vart antyda at det kunne røyne på medlemskapen på ein eller annan måte, seier Risa.

Risa melde sjølv fråfall til møtet i kommunestyret der striden blei avgjort denne veka. Han seier han blei orientert om at kollegaen melde seg ut via ein sms i pausen rett før avstemminga om saka i kommunestyremøtet.

Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Under eit høgdramatisk møte i kommunestyret tysdag melde ein KrF-representant seg ut av partiet og sørgde få minutt seinare for fleirtal for å bygge ned den dyrka jorda. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Under eit høgdramatisk møte i kommunestyret tysdag melde ein KrF-representant seg ut av partiet og sørgde få minutt seinare for fleirtal for å bygge ned den dyrka jorda. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Største KrF-fylket i landet

Jordvern er eit tema som engasjerer kraftig på Jæren, som er eit folkerikt distrikt i det tyngste KrF-fylket i landet målt i talet på stemmer.

I kommune- og fylkestingsvalet i fjor vart Rogaland KrFs nest beste fylke målt i prosent oppslutning med 8,6 prosent KrF-stemmer i fylkestingsvalet og 8,2 prosent i kommunevalet, ifølgje resultatoversikta til VG. Det trass i ein stor nedgang frå valet før.

Berre Agder hadde høgare prosentvis oppslutning viser oversikta.

Målt i faktiske stemmer er derimot Rogaland det aller største KrF-fylket i landet. Med rett under 19.000 KrF-stemmer frå Rogaland i fylkestingsvalet og rett over 19.000 i kommunevalet var rundt 18 prosent av alle stemmene som KrF fekk på landsbasis avgitt i nettopp Rogaland. Det er fleire stemmer enn i KrF-tunge Agder og meir enn om ein slår saman alle stemmene til KrF i heile Viken eller i heile Vestland.

Det er også på Jæren og i resten av den sørlege den delen av Rogaland at KrF har størst oppslutning i fylket og får inn dei fleste stemmene.

Time er med 11,1 prosent KrF-oppslutning i kommunevalet, inne på topp ti av KrF-kommunane i Rogaland målt i prosent. Med godt over 1000 KrF-stemmer i Time av partiets til saman litt over 100.000 stemmer på landsbasis, er Time ein av dei tyngste KrF-bastionane i landet.

Rogaland er òg eit av få fylke der KrF inntil nyleg har hatt to stortingsmandat, noko dei hadde seinast fram til 2017. Etter valet i 2017 fekk Olaug Bollestad KrFs einaste plass på Stortinget frå Rogaland. Ho er i dag landbruks- og matminister og har i eit utkast frå nominasjonskomiteen fått fornya tillit til å stå på topp på lista til KrF i Rogaland.

Bollestad har snakka varmt om jordvern i lang tid, og då ho besøkte Rogaland kort tid før jordvernstriden skulle avgjerast, kalla ho det galskap å bygge ned dyrka jord.

Det er dermed grunn til å stille spørsmål ved om KrF rekna jordvernstriden i Rogaland som potensielt så skadeleg at den kunne ramme partiet tungt i kampen mot sperregrensa i stortingsvalet neste år og med det sjansen til å kunne halde fram i regjering.

Taust frå KrF-leiinga

Nationen har bede Olaug Bollestad, som også er 1. nestleiar i KrF, svare på om representantar frå KrF sentralt eller frå Landbruks- og matdepartementet har vore i kontakt med Time KrF i denne saka og utøvd påtrykk. Vi har også bede om kommentar til at representanten som bidrog til fleirtal for nedbygging av jorda, grunngav utmeldinga frå KrF med at han ville skåne partiet. Det har ikkje Bollestad svart på.

Kommunikasjonsavdelinga i departementet svarar følgjande på vegner av Bollestad:

«Landbruks- og matminister Olaug Bollestad tykkjer det er synd at vedkomande har valt å melde seg ut av KRF».

Elles viser ho til tidlegare svar der ho på generelt grunnlag strekar under verdien av matjorda. Bollestad svarar heller ikkje på kva ho synest om at det blei fleirtal i Time for å bygge ned området på 150 mål dyrka jord.

«Bollestad er oppteken av godt lokaldemokrati, og meiner derfor at det som landbruks- og matminister ikkje rett å gå inn i kommunale prosesser og meine noko konkret om einskildsaker», skriv kommunikasjonsavdelinga.

Taus: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) vil ikkje svare på om representantar frå KrF sentralt eller frå Landbruks- og matdepartementet har vore i kontakt med Time KrF og utøvd påtrykk for å få lokallaget til å snu. Her i samtale med KrF-talsperson Steinar Reiten (t.v.). Bak står statssekretær Widar Skogan (KrF). Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Taus: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) vil ikkje svare på om representantar frå KrF sentralt eller frå Landbruks- og matdepartementet har vore i kontakt med Time KrF og utøvd påtrykk for å få lokallaget til å snu. Her i samtale med KrF-talsperson Steinar Reiten (t.v.). Bak står statssekretær Widar Skogan (KrF). Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Etter ny oppfordring, og spørsmål om kvifor ho ikkje vil svare på om det har vore kontakt eller utøvd påtrykk frå KrF sentralt i saka, så svarar departementet slik:

«Vi viser igjen til svaret under om at landbruks- og matminister Bollestad meiner det ikkje rett å gå inn i kommunale prosessar og meine noko konkret om einskildsaker».

Nationen har også spurt kommunikasjonssjefen til KrF om KrF-leiinga kjenner til om KrF sentralt har vore i kontakt med lokallaget i denne saka, og eventuelt utøvd påtrykk for å få Time KrF til å snu. Det har Nationen ikkje fått svar på så langt.

Kommunikasjonssjefen har uttrykt at det er vanskeleg å svare på spørsmålet før ho får ei forklaring på kva ein meiner med «påtrykk» og kva ein meiner med «KrF sentralt».

Neste artikkel

Mattilsynet feilinformerte Bollestad som feilinformerte Stortinget om Rema-kyllingane