Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftig vekst i mjølkeproduksjonen

Produksjonen av mjølk er langt større enn i fjor og er i tillegg langt større enn venta, melder Tine.

Norske menter leverte i oktober 6,5 prosent meir mjølk enn sama månad i fjor. Foto: Mariann Tvete.

Ein fersk oversikt over leveransane av kumjølk viser at produksjonen i oktober var heile 6,5 prosent større enn same månad i 2017.

Det går fram av tal frå Tine, som er marknadsregulator for mjølk.

Norske bønder leverte i oktober 125,2 millionar liter kumjølk. Det er 6,5 prosent meir enn i fjor og 2,6 prosent meir enn prognosen som vart laga tidleg i oktober viser.

Annonse

Feittinnhaldet i mjølka var på 4,40 prosent, noko som er ein oppgang frå 4,27 prosent i fjor, og proteininnhaldet var på 3,50 prosent, opp frå 3,42 prosent i fjor.

Så langt i år er det levert 1254,2 millionar liter kumjølk. Det er 6,7 millionar liter meir enn på same tid i fjor.

Auken i mjølkeproduksjonen kjem etter at kvotane blei oppjustert med fem prosentpoeng i august for å unngå at tørkesommaren med påfølgjande fôrkrise skulle føre til mjølkemangel.

Nationen kjem med meir om situasjonen for kumjølkproduksjonen.

Neste artikkel

Ekte geitost fra Tine vant ærespris under internasjonal matkonkurranse