Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimaforskar og bonde: – Klimakur kan gjere oss meir sårbare for klimaendringar

Er kyra og sauen ein del av problemet, eller løysinga for klimaomstilling i norsk landbruk? Bonde og klimaforskar Marta Jansen meiner dyr på utmarksbeite er eit viktig bidrag i klimakampen.

Marta Jansen fryktar at landbruksområda på Vestlandet og i Nord-Noreg vil falle vekk, fordi dei ikkje passar annan matproduksjon. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK
Marta Jansen fryktar at landbruksområda på Vestlandet og i Nord-Noreg vil falle vekk, fordi dei ikkje passar annan matproduksjon. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK

Klimakur 2030 reknar jordbruk som den tredje største klimautsleppsposten i Noreg. Rapporten føreslår ulike tiltak som kan gi minst 50 prosent reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030, samanlikna med 2005.

Potensialet for utsleppsreduksjon i landbruket er på 5,1 millionar tonn, viser rapporten. Blant dei tiltaka som er lagt fram for sektoren, er det mindre kjøtproduksjon og mindre matsvinn som skal gi dei største utsleppskutta.

– God forståing for at ein må endre seg

Rapporten har vore gjenstand for mykje diskusjon etter den vart lagt fram i januar. Ei av dei som har engasjert seg, er bonde og klimaforskar Marta Karoline Jansen.

– Eg har veldig god forståing for at ein må endre seg. Der tenkjer eg at eg som bonde har ei viktig rolle. Men eg meiner det må vere meir fokus på korleis vi kan drive eit landbruk i samsvar med naturen sine premiss, og slik bli meir berekraftige og rusta for framtida, seier Jansen.

Nyleg flytta ho heim til Sogn for å arbeide som forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal, og for å bli sauebonde på garden heime i Lærdal.

6.350 færre årsverk

I eitt lesarinnlegg skriv ho at «Klimakur 2030 gjer meg usikker på kva Noreg vil med meg og garden eg har kome heim til».

Rapporten viste at omlegginga ville føre til 5.000 færre årsverk i landbruket og ein reduksjon på 10 prosent landbruksareal. Seinare har det kome fram at Norsk Institutt for bioøkonomi (Nibio), som har laga rapporten på oppdrag frå Miljødirektoratet, har rekna feil. Ifølgje Nationen , er det korrekte talet på årsverk som kan forsvinne i norsk landbruk, 6.350.

Marta Jansen er forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal og sauebonde i Lærdal. Foto: Privat
Marta Jansen er forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal og sauebonde i Lærdal. Foto: Privat

Korn og grønsaker i stor skala

Jansen meiner noko av det mest oppsiktsvekkjande i klimakuren er at tiltaksanalysane for 2030 har tatt utgangspunkt i at klima blir verande uendra. Ho meiner situasjonen vil endre seg.

– Det kan bli usikre avlingar, usikker levering av importert mat og større usikkerheit ved produksjon innanfor landegrensene. Å byggje ned den matjorda vi har i dag, aukar denne risikoen. Det kan resultere i at vi vel tiltak som gir klimakutt, men som gjer oss meir sårbare for klimaendringar. Då er føremålet med å kutte klimagassar vekke.

Slik ho ser det er det eit premiss for omstilling i landbruket at ein må produsere varer ut frå ressursane i området. Bonden og forskaren meiner ein må utnytte innmark og utmark best mogleg.

– Der det er mogleg, bør ein produsere korn og grønsaker i stor skala, seier Jansen.

Dyr på korndyrkingsområde

Annonse

Arne Grønlund, tidlegare klimaforskar ved Nibio og medforfattar av Klimakur 2030, seier til NRK at 44 prosent av ammekyrne i landet og 16 prosent av sauene går på korndyrkingsområde.

– Det er urealistisk at alle skal bli veganar. Men problemet med norsk landbruk er at for store delar av arealet som kunne gått til korn, som gir mat til menneske og hønse- og grisefôr, heller går til gras for kyr og sau, seier han til kanalen.

Dilemma

Marius Holm, dagleg leiar i miljøstiftelsen Zero, seier han opplever at landbruket er opptekne av å bidra til utsleppsreduksjon, samstundes som dei fryktar at folk skal miste levebrødet sitt.

– Da står vi overfor dilemmaet at det største tiltaket i landbruket gir redusert omfang av norsk landbruk.

Holm trur landbruket må innstille seg på større endringar i åra framover enn dei sjølv ønskjer, mellom anna fordi unge et mindre kjøt. Han understrekar at Klimakur 2030 legg til grunn eit kjøtforbruk i tråd med retningslinjene frå dei statlege kosthaldsråda.

– Samstundes er det ikkje rett å seie at vi ikkje skal ete noko kjøt. Det er rett, som landbruket seier, at det ville gitt dårleg utnytting av norsk landbruksareal, men vi treng moderasjon i kjøtforbruket. Det er naturleg at der det er mogleg, utnyttar vi områda til produksjon av korn.

– Det er viktig å forstå at dei tiltaka som er føreslått i Klimakur 2030, kjem i tillegg til den politikken vi har i dag, legg han til.

Nedbør og tørke

Jansen fryktar at jordbruksområda på Vestlandet og i Nord-Noreg vil falle vekk, fordi dei ikkje passar annan matproduksjon.

– Fokuset burde i enno større grad vere på at det er viktig med eit allsidig jordbruk der ein har mange strengar å spele på i framtida med meir uføreseielege klima, meiner ho.

– Kva ser du på som dei største utfordringane for bonden i dag?

– Bonden i dag og framover må tilpasse seg store mengder nedbør og lange periodar med tørke. Arbeider du med drenering i marka, så er du i neste omgang meir sårbar når det er tørke.

Robust for eit endra klima

Å bruke den matjorda som er tilgjengeleg, og ikkje byggje ned landbruksareal, meiner ho er ein del av løysinga. Jansen trur mange bønder ønskjer å vere med på ei omstilling i landbruket, men at det i liten grad ligg til rette for det i dag.

Ho nemner at du får meir pengar for lam dersom du leverer til slakting tidleg på hausten som eit eksempel. Det stimulerer bonden til å ha dyra meir på innmarksbeite og bruke kraftfor som kompensasjon for å få god nok vekt på dyra før slakt, framfor å ha dei lenger på utmarksbeite.

– Eg har jo merka meg som bonde at systemet ikkje er rigga for å drive heilt optimalt. Det er ein del systematiske ting som må på plass for å kunne tilpasse seg, seier Jansen.

Neste artikkel

Avtroppende departementsråd ut mot Miljødirektoratet