Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klart for robotbærplukkar

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet har utvikla ein robot som kan erstatte behovet jordbærbøndene har for sesongarbeidarar.

I framtida kan jordbæra bli plukka av robotar. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK
I framtida kan jordbæra bli plukka av robotar. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Roboten er utvikla for å plukke jordbær som er dyrka på bord over bakken, skriv NRK. Om lag 25 jordbærprodusentar i Noreg nyttar denne metoden. Jordbærbonde Simen Myhre i Lier seier han skal ta i bruk roboten frå neste år.

Annonse

– Om lag 30 prosent av kostnadane i jordbærproduksjon er i samband med innhausting. Eg er sikker på at dette kan reduserast med meir automatisering, seier han.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet har fått nær 5 millionar for å gjere roboten klar for marknaden.

Neste artikkel

Bondelaget og regjeringen vil få slutt på arbeidslivskriminalitet i landbruket