Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjersti Hoff innstilt som ny leiar i Småbrukarlaget

Valkomiteen i Norsk Bonde- og Småbrukarlag går samrøystes inn for Kjersti Hoff frå Løten i Hedmark som ny leiar.

Kjersti Hoff frå Løten driv økologisk mjølkeproduksjon. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Det var i sommar at Merete Furuberg gav valkomiteen beskjed om at ho ikkje ønskte attval til leiarposisjonen ho har hatt i åtte år.

– Ein leiar skal ikkje sitte for lenge. Eg har vore leiar her i åtte år. Det har vore eit stort privilegium, sa Furuberg då.

Ho vart vald til leiar etter eit benkeforslag under landsmøtet i 2010.

Kjersti Hoff har i snart 30 år drive økologisk mjølkeproduksjon saman med mannen sin. Ho er særleg oppteken av potensiala i mangesysleri som gardsbruk gir moglegheit for, står det i pressemeldinga.

Hoff har i åtte år hatt plass i konsernstyret i Nortura, og ho har sete 12 år i kommunestyret i Løten, åtte av dei som varaordførar. Ho representerer SV. Ho har også vore fylkessekretær i Hedmark Bonde- og Småbrukarlag.

– Eg er oppteken av at vi skal produsere mest mogleg mat til det norske folk, på det landbruksarealet vi har. Då må vi satse på små og mellomstore gardsbruk i heile landet, seier Hoff i pressemeldinga.

Her er innstillinga frå valkomiteen til årsmøtet 10. og 11. november.

Styret:

Leder: Kjersti Hoff, Hedmark – ny, for eitt år

Styremedlemmer: Randi Karlstrøm, Finnmark – ny, for to år

Marielle Vink de Roos, Nordland – attval, for to år

Elin Bergerud, Buskerud – attval, for to år

Kathrine Kinn, Oslo Akershus – ny, for eitt år

Annonse

Kjell Erik Brandstadmoen, ikkje på val.

Torbjørn Norland, Rogaland, ikkje på val

Politisk nestleiar: Elin Bergerud, Buskerud, attval, for eitt år.

Organisatorisk nestleiar: Kathrine Kinn, Oslo Akershus, attval, for eitt år.

Varamedlemmer, for eitt år:

1. Magnar Djuvik, Hordaland, ny

2. Svenn Arne Lie, Oppland, ny

3. Olav Endre Liseter, Nord-Trøndelag, attval

4. Svein Arild Aae, Møre og Romsdal, ny

5. Kristian Ekre, Oppland, attval

Ordførarskapet:

Ordførar: Per-Anton Nesjan, Nordland, attval for eitt år

Varaordførar: Eli Berge Ness, Sogn og Fjordane, attval for eitt år

Neste artikkel

Tidligere AUF-leder Mani Hussaini til Opplysningskontoret for egg og kjøtt