Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan vippe jordvernstrid: KrF'ar vil bestemme seg på møtet

Slaget om framtida til 150 mål matjord i Time blir avgjort i kveld. KrF kan vippe fleirtalet. Han som kan bli tunga på vektskåla vil bestemme seg på møtet.

Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Før det avgjernande møtet i kveld ser det ut til at ein av KrF-representantane kan vippe fleirtalet. Han seier han vil bestemme seg på møtet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Før det avgjernande møtet i kveld ser det ut til at ein av KrF-representantane kan vippe fleirtalet. Han seier han vil bestemme seg på møtet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I Time på Jæren har det blussa opp ein stor jordvernstrid der stadig fleire har gått imot å bygge ned 150 mål førsteklasses matjord utanfor Bryne.

Eit opprop mot nedbygging har fått brei oppslutning på grasrota. Ein av grunneigarane går òg imot, Fylkesmannen ber lokalpolitikarane snu og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har kalla det galskap å bygge ned dyrka jord.

KrF i Time har derimot lenge stått fast på utbyggingsplanane, noko partiet fekk kraftig motbør for frå øvste kyrkjelege hald i Time måndag.

Biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy, har også gått ut og understreka at det er viktig å ta vare på matjorda og sagt at det ikkje er for seint for politikarane å snu.

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord omdisponerte Time til saman 4029 mål ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det går for tida føre seg to store jordvernstridar i Time. 150 mål dyrka jord kan måtte vike til fordel for industri, lager og sal av plasskrevjande varer. I ein annan kant av kommunen er det planar om å bruke opp mot 2000 mål jordbruksjord til utbygging av datasenter.

Bestemmer seg på møtet

Sverre Risa, gruppeleiar i KrF i Time, har sidan gått ut og sagt at han reknar med at minst to av representantane til KrF vil gå imot utbygginga på Ree og Svertingstad utanfor Bryne.

Det kan akkurat vere for lite til at fleirtalet vippar. Det viser ei oppteljing Nationen har gjort basert på samtalar med ei rekke av partia og representantane.

Viss også den tredje KrF-representanten i kommunestyret vil stemme for å stoppe utbyggingsplanane i området, så vil det derimot etter alt å døme bli fleirtal for å stoppe utbygginga på 150 mål førsteklasses matjord.

Risa, som sjølv har meldt fråfall til møtet, har sagt at han trur vararepresentanten som skal møte for han også kjem til å stemme imot utbygginga. Det er Bjørghild Underhaug som er vara for Risa. Det har ikkje lukkast Nationen å få kontakt med henne.

Fråfall: Sverre Risa, gruppeleiar i KrF i Time, har meldt fråfall til kommunestyremøtet. Han har sagt at han reknar med at minst to av representantane til KrF vil gå imot utbygginga, men stemmene til den tredje representanten kan vise seg å bli avgjerande for utfallet av saka. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Fråfall: Sverre Risa, gruppeleiar i KrF i Time, har meldt fråfall til kommunestyremøtet. Han har sagt at han reknar med at minst to av representantane til KrF vil gå imot utbygginga, men stemmene til den tredje representanten kan vise seg å bli avgjerande for utfallet av saka. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Unni S. Lende er ein av KrF-representantane som har bestemt seg for å stemme mot utbyggingsplanane.

– Dette er ei viktig sak. Vi har brukt mykje tid på dette. Eg har landa på at det viktigaste er å bevare den dyrka marka for oss alle som lever her i dag og for komande generasjonar, seier Lende til Nationen.

Anders Undheim er den tredje KrF-representanten og vil etter alt å døme kunne vippe fleirtalet i saka. Han seier han ikkje vil bestemme seg før på møtet. I utvalet for lokal utvikling stemte han for å gå vidare med utbyggingsplanane saman med Høgre og Frp.

– Jordvern er viktig for KrF. Det har det alltid vore, men eg blir utruleg provosert når fleire seier at KrF ikkje er truverdige i denne saka. Vi er truverdige, men det heng også saman med å vere føreseielege. Eg skal lytte til kva som kjem fram på møtet og sjå ut frå det kva eg landar på, seier Undheim til Nationen.

«Eg blir utruleg provosert når fleire seier at KrF ikkje er truverdige i denne saka. Vi er truverdige»

Anders Undheim, representant for KrF

På spørsmål om kva han tenker om at både ei rekke kyrkjetoppar i Time, prosten og biskopen snakkar varmt for jordvern, så seier Undheim at alle må få lov til å ha ei meining, men at ein må vere sakleg.

Høgre og Frp vil bygge

Andreas Vollsund, gruppeleiar i Høgre, seier at etter det han forstår vil alle i Høgre stemme for å gå vidare med utbyggingsplanane.

– Står representantane fritt slik at dei kan stemme etter eige samvit?

– Delvis, ja, viss dei har gode argument for det. Det har ikkje blitt tatt opp, så eg reknar med vi står samla, seier han.

Han viser til at grensene for utbygging blei vedtatt for mange år sidan og seier det er viktig å vere føreseielege å følgje grensene som er lagt.

– Det er ikkje tvil om at det er god matjord der, men vi må vege det opp mot å vere føreseielege. Vi synest det er ansvarleg å følgje opp det som er vedtatt, seier han og viser til at dei langsiktige grensene blei lagt for rundt 20 år sidan.

Vollsund seier at bonden som har investert opp mot 20 millionar kroner, og som har delar av jordgrunnlaget sitt i det nedbyggingstruga området, visste kva han gjorde og at området er tenkt bygd ut i kommunale planar.

Frp vil ifølgje Elisabeth Dysjaland også gå samla inn for utbygginga. Ho er søster til Margrete Dysjaland, som var rådgjevar for landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) frå 2016 til 2018, og oppvaksen på eit gardsbruk i Sola.

– Er det vanskeleg for deg som kjem frå gard å gå inn for å bygge ned jorda?

Annonse

– Nei, eg synest ikkje det. Dette er så nært sentrum. Viss vi bygger her er det lettare å bruke kollektivtrafikk. Vi må heller godkjenne meir nydyrking lengre vekke, seier Dysjaland til Nationen.

– Kunne ikkje utbygginga skjedd på uproduktiv grunn?

– Jau, det kunne ein, men saka har vore oppe så lenge at den får vere som den er. Dette er nær sentrum og andre næringsareal. Det er godt å ha det samla. Det er ikkje ei god sak, men det er slik det har blitt. Vi får heller tenke meir jordvern framover i andre saker, seier ho.

Delt syn i Ap

Arbeidarpartiet er delt i saka. Gruppeleiar Jone Edland seier til ligg an til at ein frå Ap vil stemme imot medan to vil stemme for utbygging på Ree. Han seier dei har sagt ja til utbygging i fleire rundar før og at han ikkje ser at det har kome fram nye tunge moment.

– Å ta vare på matjorda veg ikkje tungt nok?

– Jordvern er berre den eine sida. Det er ei total vurdering. Vi har før sagt ja og vi vil legge til rette for å skape vekst. Vi treng arbeidsplassar. Det er like viktig som å ta vare på matjorda, seier Edland, som seier ei utbygging kanskje kan gi 150 til 300 arbeidsplassar.

– Kva med å bygge næringsareal på uproduktiv grunn?

– Ja, det er lett å seie i etterkant, men det ligg eit grundig arbeid bak planane, seier Edland.

Han seier engasjementet rundt jordvern har skapt diskusjonar òg internt og han seier han blir overraska om nokon politikarar seier dei ikkje har blitt påverka av engasjementet.

Mangeårig frontfigur i Ap, Anne Brit Ree, har oppfordra Ap til å snu. Edland seier dei har fått kraftfulle signal frå mange kantar, men at det ikkje har blitt diskutert konkret i Ap-gruppa.

Dei to avhopparane frå Ap, som i dag er uavhengige representantar, ser også ut til å vere delte i saka.

– Om ein ikkje skal kalla Time for ein versting-kommune, så har ein iallfall vore relativt glad i å bygge på matjord. Eg vil stemme imot. Vi må bygge ned mindre matjord. Vi må tenke langsiktig. Eg har barnebarn. Vi må passe på denne kloden, seier Svein Hestvåg.

Lars Enevoldsen seier han synest saka er enormt vanskeleg. Han seier kommunen står fritt til å snu, men at for han vil truleg omsynet til handel og at Bryne skal vekse vere tunga på vektskåla.

Sp: – Liv og lære for KrF

Bjarne Undheim, som for lesarane til Nationen er kjent som tidlegare leiar i Norges Bondelag, seier alle fem i Sp-gruppa vil stemme for å ta ut området frå planen og dermed ta vare på matjorda.

Sp får etter alt å døme støtte frå MDG, SV og Venstre. Det er derimot etter alt å døme ikkje tilstrekkeleg dersom ein av representantane til KrF vel å stemme for utbygging av området.

– Kva viss KrF på den måten sørger for fleirtal for utbygging?

– Viss KrF sørger for at jorda blir bygd ned, så vil eg seie at det er langt mellom liv og lære, seier Undheim til Nationen og viser særleg til at landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i lang tid har snakka varmt om jordvern.

«Viss KrF sørger for at jorda blir bygd ned, så vil eg seie at det er langt mellom liv og lære»

Bjarne Undheim, representant for Time Sp
Kommunepolitikk: Tidlegare leiar i Norges Bondelag, Bjarne Undheim, er blant Sp-representantane som vil stemme mot å bygge ned matjorda på Ree utanfor Bryne. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Kommunepolitikk: Tidlegare leiar i Norges Bondelag, Bjarne Undheim, er blant Sp-representantane som vil stemme mot å bygge ned matjorda på Ree utanfor Bryne. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Undheim seier det er viktig å ta vare på den dyrka jorda som han meiner er av ypparste klasse.

– Det er noko av den beste jorda på Jæren, det er det ikkje tvil om. Dette er grønsakjord. Det har vi ikkje veldig mykje av i Time. Elles i kommunen er det anten skrinnare jordsmonn eller langt meir nedbør. Det er stor forskjell, seier Undheim.

Undheim kallar også Time for ein av verstingane på bygge ned jord og viser til at ein frå fleire hald har blitt meir merksam på jordvern siste åra.

– Jordvernet har fått medvind på ein heilt annan måte enn før. Det skal vi vere glade for, seier Undheim, som seier merksemda rundt jordvern var langt mindre på den tida då planane for området blei lagt.

Neste artikkel

Frp klatrer på ny meningsmåling