Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kan noko utfordre fårikålen?

I romjula vil Nationen kåre Noregs nye nasjonalrett. Her er eit foreløpig resultat i avstemminga så langt.

Nasjonalretten: Fårikål har vore nasjonalretten i Noreg sidan 1972. I den noverande kåringa ligg fårikål òg godt an. Foto: Matprat
Nasjonalretten: Fårikål har vore nasjonalretten i Noreg sidan 1972. I den noverande kåringa ligg fårikål òg godt an. Foto: Matprat

I høve 100-årsjubileet til Nationen er det blitt presentert éin matrett for kvart av leveåra til avisa. Med bakgrunn i rettane har ein jury plukka ut ti rettar som no kjempar om tittelen Noregs nasjonalrett.

No, om lag halvvegs i avstemmingsperioden, er det nokre kandidatar som skil seg ut. Det er likevel god tid igjen på å stemme – først i romjula blir vinnaren kåra.

Gi di stemme til din favoritt under (saka held fram under avstemmingsboksen).

Annonse

46 år ikkje nok?

Tilbake i 1972 blei fårikål utropt til vinnar i ei kåring av norsk nasjonalrett.

Så langt i avstemminga i 2018 er det fårikålen som er i leiinga. Den tradisjonsrike retten ser ut til å framleis stå sterkt i det norske folket.

Pinnekjøt følgjer på andreplass, svineribbe på tredjeplass, før rømmegraut kjem på ein nær fjerdeplass. Lettsalta torsk og taco følgjer ikkje langt bak, medan færre har stemt på pizza, bacalao, brennsnut/sodd eller rakfisk.

Ingenting er likevel avgjort, så om du meiner fårikål treng ei pause som nasjonalrett, må du stemme på din eigen favoritt og oppfordre venner og kjende til å stemme med deg.

Fakta

Kåring av Noregs nasjonalrett

I høve 100-årsjubileet til Nationen har ein presentert 100 norske matrettar – éin for kvart år avisa har eksistert.

Blant desse 100 har ein jury plukka ut 10 rettar som dei meiner fortener heideren Noregs nasjonalrett.

Dei ti er: Bacalao, lettsalta torsk, rakfisk, brennsnut/sodd, rømmegraut, pizza, taco, svineribbe, pinnekjøt, fårikål.

Juryen består av Per A. Borglund i Mat fra Norge, Anna Avdem ved Avdems gardsysteri, Bondelagskokk Nils Henning Nesje, og Nationen-redaktør Irene Halvorsen. Juryen har plukka ut ti rettar, men folket avgjer kva rett som går av med sigeren til slutt.

Sidan 1972 har fårikål hatt tittelen som nasjonalrett etter å ha vunne fram i ei kåring.

Neste artikkel

Høyre: – Det kommer støtte til matfestivalene