Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvernstrid: KrF'ar melde seg ut og gav fleirtal for utbygging

Rett før avstemming varsla KrF-representanten som var på vippen i jordvernstriden, at han melder seg ut av KrF for å skåne partiet.

Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Under eit høgdramatisk møte i kommunestyret tysdag blei det med knappast mogleg fleirtal vedtatt å gå vidare med planane om å bygge ned den dyrka jorda. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag. Under eit høgdramatisk møte i kommunestyret tysdag blei det med knappast mogleg fleirtal vedtatt å gå vidare med planane om å bygge ned den dyrka jorda. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Det blei eit høgdramatisk slag om jordvern i kommunestyret i Time tysdag kveld.

Striden om nedbygging av 150 mål matjord utanfor Bryne på Jæren har engasjert kraftig også langt utover grensene til kommunen.

Eit opprop mot nedbygging har fått brei oppslutning på grasrota. Ein av grunneigarane gjekk òg imot, Fylkesmannen bad lokalpolitikarane snu og landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har kalla det galskap å bygge ned dyrka jord.

KrF i Time stod derimot lenge fast på utbyggingsplanane, noko partiet fekk kraftig motbør for frå øvste kyrkjelege hald i Time.

Biskop i Stavanger, Anne Lise Ådnøy, har også gått ut og understreka at det er viktig å ta vare på matjorda.

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord omdisponerte Time til saman 4029 mål ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det har siste tida gått føre seg to store jordvernstridar i Time. 150 mål dyrka jord kan måtte vike til fordel for industri, lager og sal av plasskrevjande varer. I ein annan kant av kommunen er det planar om å bruke opp mot 2000 mål jordbruksjord til utbygging av datasenter.

Melde seg ut av KrF

Det var på førehand klart at KrF truleg ville hamne på vippen i spørsmålet.

Under den meir enn halvannan time lange debatten i kommunestyret, vart det klart at dei folkevalde var delte på midten. 13 var for å stoppe utbyggingsplanane, inkludert to av representantane til KrF, medan 13 ville gå vidare med utbyggingsplanane.

Anders Undheim, som var KrFs 3. representant i kommunestyret, sa før møtet at han ikkje vil bestemme seg før på møtet. I utvalet for lokal utvikling nokre veker før stemte han for å gå vidare med utbyggingsplanane saman med Høgre og Frp.

I debatten gav Undheim uttrykk for at han opplevde presset frå ulikt hald, både frå sosiale media, aviser, kyrkja og eigne medlemer, som ubehageleg stort, og sa at han hadde fått skuldingar som var uakseptable. Han argumenterte for at jordvern er viktig, men at det også var viktig å vere føreseielege både for grunneigarar og utbyggingsinteresser.

Skjermdump fra Time kommunes direktesending
Skjermdump fra Time kommunes direktesending
Annonse

Etter eit gruppemøte rett før avstemminga sa Undheim at han hadde håpa at han skulle sleppe å få vere den personen som skulle avgjere saka. Deretter varsla han at han har meldt seg ut av KrF for å skåne partiet.

– Etter press på KrF både lokalt og nasjonalt har eg bestemt meg for å ta ein for laget. For fem minutt sidan valde eg å melde meg ut av KrF. Det har eg gjort for å spare partiet og enkeltpersonar for belastninga ved å ha med meg, sa Undheim gråtkvalt frå talarstolen.

Undheim sa at det blei gjort slik at KrF kunne vere truverdige på jordvern, noko han sa han òg meinte han er.

– Eg kan ikkje gå på akkord med verdiane som eg set høgt, sa han.

Undheim sa det var ei utruleg vanskeleg avgjerd å ta. Han siterte fleire bibelvers og orda til Per Fugelli om å ta vare på flokken.

– Eg vil be om unnskyldning til dei eg har skuffa og ber om forståing og respekt for mitt val, sa Undheim.

Demonstrerte: Aksjonistar delte før kommunestyremøtet ut lokaldyrka nek av bygg til politikarane i eit håp om å få dei til å snu om utbygginga på Ree og Svertingstad utanfor Bryne. Her deler John Lea ut korn til påtroppande ordførar Andreas Vollsund frå Høgre. Foto: Redd Re/Svertingstad
Demonstrerte: Aksjonistar delte før kommunestyremøtet ut lokaldyrka nek av bygg til politikarane i eit håp om å få dei til å snu om utbygginga på Ree og Svertingstad utanfor Bryne. Her deler John Lea ut korn til påtroppande ordførar Andreas Vollsund frå Høgre. Foto: Redd Re/Svertingstad

Fleirtal for nedbygging

Med det slutta Undheim seg til representantane til Høgre, Frp, 2 frå Ap og ein uavhengig som støtta framlegget om å gå vidare med utbyggingsplanane. Det 150 mål store området med dyrka jord skal dermed omdannast til næringspark for arealkrevande handel.

Den tidlegare KrF-representanten fekk også fleirtal for eit tillegg om at overskotet av matjord frå utbygginga skal flyttast og brukast som jordforbetring ein annan stad i kommunen.

Jordvernaksjon: Initiativtakarane til aksjonen for å berge matjorda på Ree og Svertingstad, Tarald Oma og Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, var blant mange som hadde møtt opp utanfor rådhuset før møtet. Foto: Redd Re/Svertingstad
Jordvernaksjon: Initiativtakarane til aksjonen for å berge matjorda på Ree og Svertingstad, Tarald Oma og Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, var blant mange som hadde møtt opp utanfor rådhuset før møtet. Foto: Redd Re/Svertingstad

Sp, MDG, SV, Venstre, to frå KrF, ein frå Ap og ein uavhengig representant stemte for eit fellesframlegg frå fleire av partia om ikkje å gå vidare med planane med sikte på å tilbakeføre området til såkalla LNF-område. Det for å legge til rette for vidare matproduksjon. Dei var ei stemme frå å få fleirtal.

Neste artikkel

Kommuneøkonomi på jordet