Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvern Norge trur på ny vår for vern av matjorda

Striden om matjord på Jæren viser eit stemningsskifte til fordel for jordvern, ifølgje Jordvern Norge, som trur dei vil klare å stoppe nedbygginga til slutt.

Stemningsskifte: Olaf Gjedrem, som er leiar i Jordvern Norge, ser tendensar til eit stemningsskifte som han trur vil gjere det lettare å stoppe fleire utbyggingar på matjord i framtida. Her på besøk i Gjesdal, som er kommunen til landbruksministeren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Stemningsskifte: Olaf Gjedrem, som er leiar i Jordvern Norge, ser tendensar til eit stemningsskifte som han trur vil gjere det lettare å stoppe fleire utbyggingar på matjord i framtida. Her på besøk i Gjesdal, som er kommunen til landbruksministeren. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Den opprivande kampen mot nedbygging av 150 mål førsteklasses matjord i Time på Jæren er uttrykk for eit stemningsskifte til fordel for reelt å verne om matjord. Det trur leiaren i Jordvern Norge, som er ein landsdekkande allianse av jordvernforeiningar.

– Det nærmar seg eit vass-skilje for jordvernet. I to generasjonar har det vore «vill vest» der kommunane har fått forvaltninga med på altfor mange unntak til å ta jordbruksjord. Lokale folkevalde har ikkje sett alvoret, men nå begynner folk å sjå at det er irreversibelt og at ein ikkje kan halde fram å bygge ned slik, seier Olaf Gjedrem, som er leiar i Jordvern Norge.

«Nå begynner folk å sjå at det er irreversibelt og at ein ikkje kan halde fram å bygge ned slik»

Olaf Gjedrem, leiar i Jordvern Norge

Ser korona-effekt

Gjedrem var sjølv til stades under jordverndemonstrasjonen utanfor rådhuset på Bryne før kommunestyret skulle ta stilling i striden.

Det enda i ein høgdramatisk seanse der KrF-representanten som var på vippen melde seg ut av KrF og få minutt seinare sørgde for fleirtal for utbygginga med minst mogleg margin.

Trass vedtaket tar leiaren for Jordvern Norge det knepne tapet som ei vitamin-innsprøyting.

– Koronapandemien viser at det ikkje er sjølvsagt at vi kan få alt vi treng til ein kvar tid og at vi må sikre oss mest mogleg mat sjølv. Vi ser fleire bølger som til saman fører til at det blir upopulært og kjennest urett å ta den dyrka jorda som vi treng til å skaffe oss nok mat. Nedbygging blir ei større belastning for politikarane enn før, seier Gjedrem.

Han viser til at det same skjer og har skjedd fleire stader. Randaberg har ført tilbake 400 mål til jordbruk. Stavanger har ifølgje Gjedrem også varsla at dei vil ta jordbruksjord ut av utbyggingsplanane og i Vestfold fekk Asko jordvernpris for å bygge ut på fjellgrunn.

– I Time har dei for første gong fått reell motstand mot å ta dyrka jord. Time har sjølv rekna ut at dei maks kan bygge ned 20 mål jord i året om dei skal oppfylle sin del av det nasjonale jordvernmålet på maks 4000 mål nedbygging i året. Det står i landbruksplanen som Time har vedtatt. Då kan dei ikkje vedta utbygging i hytt og vêr, seier Gjedrem.

Motstand: I Time har politikarane for første gong fått reell motstand mot å ta dyrka jord, ifølgje leiar i jordvernforeininga, Olaf Gjedrem. Sjølv om det blei fleirtal for å bygge ned denne gulrotåkeren på Ree / Svertingstad utanfor Bryne, så reknar Gjedrem det som sikkert at utbygginga aldri vil bli realisert. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Motstand: I Time har politikarane for første gong fått reell motstand mot å ta dyrka jord, ifølgje leiar i jordvernforeininga, Olaf Gjedrem. Sjølv om det blei fleirtal for å bygge ned denne gulrotåkeren på Ree / Svertingstad utanfor Bryne, så reknar Gjedrem det som sikkert at utbygginga aldri vil bli realisert. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord, omdisponerte Time til saman 4029 mål, ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det har siste tida gått føre seg to store jordvernstridar i Time. Med knappast mogleg fleirtal blei det vedtatt å gå vidare med planane om å bygge ut næringspark for arealkrevande handel på 150 mål dyrka jord. KrF'aren som kom på vippen valde å melde seg ut av partiet få minutt før han stemte for utbygging. Det skjedde etter at KrF rett før møtet varsla at dei ville snu etter stort trykk frå fleire hald.

I ein annan kant av Time er det planar om å bygge ut datasenter på opp mot 2000 mål jord.

Trur Time vil snu

Den konkrete utbygginga striden stod om på Ree og Svertingstad utanfor Bryne trur leiaren for Jordvern Norge ikkje vil bli realisert. Det sjølv om det blei fleirtal for å gå vidare med planane.

– Slaget er ikkje tapt?

– Nei, langt derifrå. Det stod om berre ei stemme og det er nok ikkje aktuelt å realisere sjølve utbygginga før nærare år 2030. På dei 10 åra skjer det så mykje at det er urealistisk å gjennomføre utbygginga på den fantastiske jorda, seier Gjedrem, som kallar jorda i det aktuelle området for «kremjord» og av dei beste i heile landet.

– Kvar kvadratmeter av jorda kan årleg gi nok korn til eitt brød. Det er 150.000 brød årleg, og det får vi år etter år etter år, seier Gjedrem.

Han viser også til at kommunestyret vedtok at overskotet av matjord frå utbygginga skal flyttast og brukast som jordforbetring ein annan stad i kommunen.

– Det blir så dyrt å flytte jorda at eg vil sjå dei som kan gå inn for slike kostnader, seier han.

Gjedrem seier utbygginga også vil kome opp på ny i fleire omgangar i kommunen.

– Det kjem nye korsvegar. Her skreiv 2000 personar under mot utbygginga på berre ei kort stund. Viss politikarane ikkje oppfører seg anstendig, så vil veljarane reagere og velje bort dei partia som vel å rasere jorda, seier Gjedrem.

Annonse

«Viss politikarane ikkje oppfører seg anstendig, så vil veljarane reagere og velje bort dei partia som vel å rasere jorda»

Olaf Gjedrem, leiar i Jordvern Norge

Gjedrem, som også er leiar i jordvernforeininga i Rogaland, seier det nå begynner å bli synleg for folk at mange kommunar på Jæren og Rogaland samla har vore verstingar på nedbygging av jord.

– Nå begynner folk å seie at nok er nok, seier han.

I landbruksplanen til Time står det at «Bryne skal utviklast som eit kraftsentrum for jordbruk og jordbruksrelaterte næringar» og at «Bryne skal vera jordbrukshovudstad i Noreg». Det forpliktar, ifølgje Gjedrem, som òg seier det forpliktar å vere regionsenter på Jæren midt i matfatet.

– Time har eit motto der dei kallar seg «Trygg og framtidsretta». På jordvern er Time langt frå trygg og framtidsretta. Vil dei halde fram med å bygge ned matjorda, så må dei forandre motto for kommunen. Det er eit stort moralsk ansvar å vere ein leiande landbrukskommune, seier Gjedrem.

Ansvar:  Time har vedtatt at dei skal vere «jordbrukshovudstad i Norge». Leiar i Jordvern Norge, Olaf Gjedrem, seier det er eit stort moralsk ansvar å vere ein leiande landbrukskommune. Han ber Time droppe mottoet «trygg og framtidsretta» om kommunen held fram med å bygge ned matjord. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Ansvar: Time har vedtatt at dei skal vere «jordbrukshovudstad i Norge». Leiar i Jordvern Norge, Olaf Gjedrem, seier det er eit stort moralsk ansvar å vere ein leiande landbrukskommune. Han ber Time droppe mottoet «trygg og framtidsretta» om kommunen held fram med å bygge ned matjord. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Glad for kuvending frå KrF

Gjedrem har sjølv ei fortid som stortingsrepresentant for KrF mellom 1997 og 2004.

Det at jordvernstriden i Time særleg blei vanskeleg for nettopp partiet han før har representert kommenterer han slik:

– Eg er glad for at KrF snudde. Sjølv om han eine fekk samvitsproblem, så enda det med at KrF står på jordvernlinja og kjemper for å redusere nedbygginga, seier han.

Sjølv om den utmelde KrF'aren sørga for fleirtal for å gå vidare med utbyggingsplanane, så seier Gjedrem seg glad for at KrF-utbrytaren fekk fleirtal for at overskotsjorda skal flyttast. Det trur han blir så dyrt at det blir eit hinder for utbygging i seg sjølv.

– Resultatet vart ikkje meir enn middels, men eg er ganske sikker på at vi vil hamne på rett plass til slutt og at matproduksjonen på jorda vil bli vidareført. Eg håper at Time vil sjå det sjølv, men viss ikkje så er eg nokså overbevist om at utbygginga vil bli stoppa uansett. Slik Fylkesmannen har uttalt seg, så vil ikkje han sitje stille og sjå på at jorda blir bygd ned, seier Gjedrem.

Neste artikkel

Kommunar uten smitte må følge reglane - men det er ikkje sikkert det har effekt