Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordbruks- og matprosjekt får 6,4 millionar kroner

Til saman 13 ulike prosjekt med fokus på klima, dyrevelferd, berekraft og grøntsektoren har fått 6,4 millionar kroner til forsking.

Hardanger siderprodusentlag har fått støtte til målretta produksjon av eple til sider og juice. Foto: Kari Hamre / NPK

Landbruksdirektoratet har løyvd 6,4 millionar kroner til 13 ulike prosjekt som skal styrke dyrevelferd, berekraft og grøntsektoren, skriv dei på nettsidene sine.

Blant prosjekta som har fått løyve er mellom anna Hardanger siderprodusentlag, som har fått 400.000 kroner til målretta produksjon av eple til sider og juice. Veterinærinstituttet får 500.000 til forsking på parasittar på reinhjernen, og Sintef Ocean AS får 492.500 kroner for å forske på 3D-avbilding av tomatar, som nøkkelen til automatisk innhausting og stell av tomatplanten.

Pengane kjem frå Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri. Det er om lag 230 millionar kroner som vert utlyst i året.

Neste artikkel

Norad og Meteorologisk institutt skal sørge for gratis værvarsel i Afrika