Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jaktar på kvinnebonden

– Landbruket treng kvinner, og kvinnene treng landbruket, var den klåre meldinga frå Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, då ho opna konferansen «Jakten på kvinnebonden» i Teatersalen i Oslo fredag.

Forskar Hilde Bjørkhaug ved Norsk senter for bygdeforsking viste at sjølv om kvinner berre utgjer rundt 14 prosent av bøndene som får produksjonstilskot, eig kvinner drygt 25 prosent av landbruksjorda. Foto: Odd Roger Langørgen

Konferansen spring ut av prosjektet «Kvinner, demokrati og deltakelse,» som skal betra likestillinga i landbruket.

Berre 14 prosent av gardbrukarane som får produksjonstilskot, er kvinner, syner tal frå 2011. Det er bakgrunnen for at Småbrukarlaget i høve hundreårsjubileet for allmenn røysterett – og tilfeldigvis også laget sitt eige hundreårsjubileum – fekk pengar til å starta ei jakt på kvinnebonden i 2013.

Økonomi den største utfordringa

Sidan den gong har Småbrukarlaget reist land og strand rundt og arrangert møte med kvinner i landbruket for å høyra kor skoen trykkjer, og kva kvinnene sjølv meiner trengst for at fleire skal våga å satsa på landbruket. Under konferansen fredag presenterte prosjektleiar Margrethe Gaassand dei første resultata frå ein rapport som er under ferdigstilling.

Småbrukarlaget har gjort ei spørjeundersøking blant kvinner i landbruket, og der kjem det fram at ei av dei viktigaste årsakene til at få kvinner vil bli bønder, er den utrygge økonomien eit slikt livsval fører med seg.

– Økonomien er ei byrde. Det er mange bønder som slit med å få det til å gå rundt, og investering kjennest utrygt for mange. Då er det lettare å trekkja seg tilbake og velja eit anna yrke enn bonde. Det er tryggare med ein jobb som gir fast løn på konto kvar månad når ein har ungar og familie, sa Gaassand.

Ho trekte også fram fleire andre element som kvinnene i undersøkinga la vekt på, som teknisk kunnskap og praktisk erfaring, som mange kvinner opplever at dei manglar, og einsemda i bondeyrket. Når ein er sin eigen sjef og ikkje har kollegaer, kan det fort bli einsamt på jobben.

Politisk uvisse

Men Gaassand peika også på at det var lite støtte å henta i dagens regjering, som Småbrukarlaget ikkje meiner bidreg til å gjera kvardagen i landbruket tryggare og meir føreseieleg.

Annonse

– Det er skummelt å satsa på ei næring som er i ferd med å bli bygd ned, og det er mykje politisk uvisse no. Mange i undersøkinga seier at fleire ville ha våga å satsa på landbruksnæringa om politikarane hadde bidrege, seier ho.

– Stordriftspolitikken er kvinnefiendtleg

Forskar Hilde Bjørkhaug ved Norsk senter for bygdeforsking viste at sjølv om kvinner berre utgjer rundt 14 prosent av bøndene som får produksjonstilskot, eig kvinner drygt 25 prosent av landbruksjorda. Ho fortalde at kvinner oftare driv mindre bruk og brukstypar det er knytt mindre risiko til, og kom med ei åtvaring:

– Dersom det no er slik at større er betre, vil kjønnsskilnadene i landbruket kanskje bli endå tydelegare med dagens politikk, sa Bjørkhaug, og viste til utsegner frå landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp), som har gjort det klart at ho ynskjer færre og større gardsbruk i Noreg.

Også småbrukarlagsleiar Furuberg åtvara mot regjeringa sin landbrukspolitikk.

– Statistikken syner at det er kvinner som eig dei minste landbrukseigedommane. Stordriftspolitikken til Sylvi Listhaug er kvinnefiendtleg, sa ho. (©NPK)

Neste artikkel

Findus seier norsk tollvern for grønsaker har stått stille sidan 1997