Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ingebrigt Steen Jensen: – Trygg mat er viktigaste grensevern

PR-guru kallar trygg mat ein fantastisk fordel som må løftast opp i landbruksdebatten. Fleire ber Mattilsynet kome på banen.

– Ingen snakkar om mattryggleik. Eg trur det er det viktigaste av alt, seier Ingebrigt Steen Jensen  (i midten), PR-guru og reklamemann. Her i samtale med Aps Knut Storberget og Felleskjøpet Agris Einar Enger. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
– Ingen snakkar om mattryggleik. Eg trur det er det viktigaste av alt, seier Ingebrigt Steen Jensen (i midten), PR-guru og reklamemann. Her i samtale med Aps Knut Storberget og Felleskjøpet Agris Einar Enger. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

På messa Bedre Landbruk 2014 i helga tok PR-guru Ingebrigt Steen Jensen til orde for at trygg norsk mat er eit fantastisk fortrinn som må løftast opp og fram i landbruksdebatten. Reklamebyrågründaren snakka varmt om norsk landbruk og spår at trygg mat vil bli stadig viktigare for folk flest i åra som kjem.

Bedre Landbruk 2014

Landbruksmesse på Lillestrøm utanfor Oslo 8. og 9. nov.

10.000 m² med utstillingsareal under tak.

Arrangøren Felleskjøpet Agri venta nær 10.000 besøkande.

– Trygg mat er eit fantastisk fortrinn for norsk landbruk. Her er vi i ein særklasse og mykje betre enn dei vi konkurrerer med. Sunn og trygg mat er dritviktig for folk, men vi snakkar altfor lite om den trygge norske maten. Vi må snakke meir om det. Det viktigaste grensevernet vi kan byggje er det mentale, sa Jensen til fleire hundre frammøtte på landbruksmessa.

– Fantastisk potensial

PR- og reklamemannen trekte fram fråvær av veksthormon, lite bruk av antibiotika og sprøytemiddel, salmonellafri mat og god dyrevelferd som nokre av fleire stort fortrinn for landbruket her i landet og for norskprodusert mat. Desse fortrinna er folk i stadig større grad villige til å betale for, ifølgje Jensen, som samtidig understrekar at det er viktig å fortelje historia på ein god måte.

– Det er mange som fortel historia om landbruket, sa han og trekte fram blant anna matindustrien og matkjedene.

– Men ingen snakkar om mattryggleik. Eg trur det er det viktigaste av alt. Det å fortelje historia om mattryggleik, der er det eit fantastisk potensial. Vi veit ikkje kor bra det er i Norge. Og viljen til å betale for noko som er trygt, i motsetning til noko som er farleg, den er stor. Det står om helsa og barna våre, seier Jensen.

– Ulemper blir fordelar

Jensen seier eit kaldt klima, topografi, avstandar og det han kalla eit «slitsamt kvalitetssystem» er i ferd med å bli norske bønders største fortrinn.

– Den store fordelen til norsk landbruk er summen av alle ulempene. Det kalde klimaet gir til dømes sein vekst, men svært god smak og lite smitte. Det er så mange ulemper, men til saman blir det store fordelar slik verda kjem til å bli, sa Jensen.

I føredraget kalla han framtidsutsiktene for landbruket på lang sikt for fantastiske. Han viste til at klimaendringane kan føre til tørke i verdas viktige kornkamre. Sikker matforsyning og auka sjølvforsyning trur han derfor òg blir stadig meir etterspurt. I tillegg viste han til stor betalingsvilje for lokalmat.

– Framtidsutsiktene er fantastiske. Det kan høyrast rart ut med dagens styresmakter, men det spørst kor mykje dei klarer rote det til, sa han.

Vil ha Mattilsynet på banen

Jensen dreg i tvil om bøndene sjølv er dei rette til å fronte trygg norsk mat i samfunnsdebatten. Det meiner han heller er ei oppgåve for Mattilsynet.

Annonse

– Eg trur Mattilsynet eller Matmerk, som ei uavhengig stifting, er rett aktør til å fronte mattryggleik, seier han.

– Er Mattilsynet for passive?

– Eg vil ikkje kritisere nokon, men dei kjem oftast først på banen når det har skjedd noko. Det er svært viktig at historia om mattryggleik blir fortalt. Nokon må ta den rolla. Mattilsynet er ein truverdig aktør, men dei må få ressursar, seier Jensen.

Ap: – Rust opp Mattilsynet

Landbrukspolitisk talsperson Knut Storberget (Ap) sa seg einig.

– Trygg mat og sikker matforsyning er viktig, og blir endå viktigare. Bønder og forbrukarar har felles interesser. Det er så mykje vinn-vinn med landbrukspolitikken på alle hald. Mattilsynet bør få meir pengar og setjast i stand til å ta ei rolle og ikkje berre vere ein kontrollør, seier Storberget.

Utspelet falt i god jord i Felleskjøpet.

– Eg er heilt einig. Mange tenker ikkje over om maten i butikken er trygg. Folk bruker mykje pengar på trening og helse. Eg trur det kjem meir og meir, men eg trur alle må bidra til å fronte det, seier administrerande direktør John Arne Ulvan.

– Vi har vore for lite flinke til å byggje alliansar. Og avsendaren av bodskapen treng ikkje vere bønder. Der er eg einig, sa styreleiar Einar Enger i Felleskjøpet Agri.

Neste artikkel

Ingebrigt Steen Jensen: Hegnar skjønner ikke en dritt!