Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sigrid Hjørnegård er ny generalsekretær i Norges Bondelag

– Vi er svært glade for at Sigrid Hjørnegård takka ja til jobben, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

Sigrid Hjørnegård frå Ås i Akershus er ny generalsekretær i Norges Bondelag. Foto: Vidar Sandnes

Sigrid Hjørnegård tek over som ny generalsekretær i Norges Bondelag. Dei tilsette vart informert om tilsettinga måndag førmiddag.

– Å skape levande bygdesamfunn har vore ei hjartesak for meg heilt sidan eg var leiar i Norges Bygdeungdomslag. Den andre hjartesaka mi er å skape vediar gjennom å forvalte naturressursar på ein berekraftig måte, seier Sigrid Hjørnegard.

Hjørnegård er 52 år og busett i Kroer i Ås. Sidan i fjor vår har ho vore assisterande generalsekretær i bondelaget. Dette er første gong ei kvinne får den viktige stillinga som generalsekretær i Norges Bondelag.

– Det var veldig flott å komme tilbake til Bondelaget. Det er eit godt lag å vere på. Eg har jobba for norsk landbruk heile livet og er svært glad for å kunne bidra til å vidareutvikle både organisasjonen vår og det norske landbruket, seier Hjørnegård.

Energi og klima

Hjørnegård har politisk bakgrunn frå Senterpartiet. Ho var informasjonsleiar i Norges Bondelag fram til 2005. Då vart ho henta inn i den raud-grøne regjeringa.

Først som politisk rådgjevar for Terje Riis Johansen (Senterpartiet) som var landbruksminister. I åra 2009 til 2011 var ho statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Frå 2011 var ho direktør for fornybar energi, klima og miljø i Energi Norge, NHOs foreining for kraftbransjen.

– Det er når ein står utanfor landbruket at ein ser kva kraft som finst der. Vi har ein organisasjon med mange dyktige tilsette og 3000 tillitsvalde. Denne måten å jobbe på, gjennom ein demokratisk organisasjon, har eg stor tru på. Saman kan vi flytte fjell, seier Hjørnegård.

Annonse

Då ho kom tilbake til Bondelaget i fjor, var det for å arbeide med klima.

– Då eg var i Energi Norge førte eg dialog med regjeringa om Parisavtalen og om kvotepliktig- og ikkje kvotepliktig sektor. Eg tenkte mykje på at klimaforhandlingane blir annleis for landbruket no, fordi dette er ein internasjonalt forpliktande avtale. Difor vart eg svært glad då eg fekk sjansen til å byrje i bondelaget for å arbeide med klimaforhandlingane, seier Hjørnegård.

Til Kroer

Hjørnegård seier at ho har store sko å fylle.

– Det har vore mange dyktige og store menn i denne jobben før meg. Per Skorge gjorde ein formidabel jobb med å verve nye medlemer. I tida hans klarte organisasjonen å auke talet på medlemer sjølv om talet på bønder gjekk ned, seier Hjørnegård.

Hjørnegård er også Ås-patriot.

– Eg brukar å seie at eg er oppvaksen på Ås, busett på Ås og utdanna på Ås, seier Hjørnegård.

Ho er busett i bygda Kroer. Ektemannen driv gard. Garden produserer korn og frø og driv med strøing om vinteren. Hjørnegård er utdanna økonom frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU).

Neste artikkel

Bondelaget er glad for signala frå Yara