Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
SELVFORSYNING: Hos Liza Franke og Lennert Hug går kalkuner av rasen bronsekalkun fritt omkring. De bidrar med kjøtt og gjødsel, og  holder gresset nede. Foto: Kjersti Busterud
SELVFORSYNING: Hos Liza Franke og Lennert Hug går kalkuner av rasen bronsekalkun fritt omkring. De bidrar med kjøtt og gjødsel, og holder gresset nede. Foto: Kjersti Busterud

På 4,5 mål produserer dei nesten alt dei treng

Familien har merka ein aukande interesse for sin filosofi. – Før var bonde nærast eit skjellsord, no har det vorte litt kult, seier Liza Franke.

– Vi har som filosofi at så mykje som mogleg skal vere anten eigenprodusert eller kortreist, seier Liza Franke og set fram eit fat med mellom anna pølser frå eigne lam, eigenysta ost, surdeigsbrød bakt på gamle kornsortar og ulike typar syltetøy.

Saman med Lennert Hug og barna Stein (15), Lotte (13) og Ingvar (8) bur ho på eit lite småbruk på Jevnaker og driv småbruket omtrent slik oldeforeldra ville ha gjort det.

For tolv år sidan budde familien i rekkjehus i Oslo, men drøymde om eit liv på landet.

– Den gong hadde vi ingen planar om å leve sjølvforsynt, men vi ønskte oss nærleik til natur og moglegheiter for friluftsliv, seier Lennert.

SMÅBRUKERE: Liza Franke og Lennert Hug er opprinnelig fra Nederland, men valgte å etablere seg i Norge på grunn av nærheten til natur og friluftsliv. Foto: Kjersti Busterud
SMÅBRUKERE: Liza Franke og Lennert Hug er opprinnelig fra Nederland, men valgte å etablere seg i Norge på grunn av nærheten til natur og friluftsliv. Foto: Kjersti Busterud

På småbruket dei kjøpte, hadde det ikkje vore gardsdrift på årevis – eigedommen var i praksis ein einebustad med litt ekstra stor hage. Gradvis kom tanken på å byggje småbruket opp igjen.

– Vi starta med kjøkkenhage og nokre høner, og sidan har vi utvida småbruksdrifta litt etter litt. Etter kvart dukka tanken opp: Hadde det ikkje vore gøy å bli sjølvforsynt? seier Liza.

Ho er no småbrukar på heiltid i tillegg til at ho held kurs i tema som hønsehald og hønseslakt, ysting, safting, sylting, fermentering og pølselaging. Lennert driv eit konsulentselskap innan fornybar energi.

EGENPRODUSERT: Både ost, pølse, salat og brød lages på gården. Foto: Kjersti Busterud
EGENPRODUSERT: Både ost, pølse, salat og brød lages på gården. Foto: Kjersti Busterud

Pågangen på kurs har vore større no i koronatida.

Liza Franke

Sjølvberga i koronatida

Noreg er i stadig mindre grad ein nasjon av bønder og fiskarar. Dei færraste gjer som Liza og Lennert og produserer maten sin sjølv, og Noreg er langt frå å vere sjølvforsynt med matvarer. Då landet vart koronastengt, vart temaet sjølvberging igjen aktuelt. For var det no eigentleg så lurt å satse på eit system der ein må på butikken for å få mat på bordet, og der mykje av denne maten er importert frå andre land?

Plutseleg skulle alle bake surdeigsbrød og dyrke sine eigne grønsaker.

– Pågangen på kurs har vore større no i koronatida. Folk har fått meir tid til å dyrke og lage mat frå botnen av, seier Liza.

ENDER: Endene blir klekket fram fra egg, og blir slaktet når høsten kommer. Foto: Kjersti Busterud
ENDER: Endene blir klekket fram fra egg, og blir slaktet når høsten kommer. Foto: Kjersti Busterud

På kursa kjem alt frå folk som bur i leilegheit i byen, til erfarne bønder som aldri har slakta ei høne.

– Folk har vorte meir opptekne av kvalitet og kor maten kjem frå. Og dei vil bruke kroppen til noko anna enn å berre sitje bak ein PC. Vi opplever at det er stor interesse for det vi held på med. Før var bonde nærast eit skjellsord, no har det vorte litt kult, seier ho.

Då familien for vel ti år sidan fekk ideen om sjølvberging, var haldninga litt annleis.

– Folk syntest det var rart og meinte vi kom til å måtte leve på poteter og gulrøter. Men vi har 80–90 ulike sortar urter og grønsaker og 20–25 ulike bærbuskar og frukttre. Det gir eit mykje større utval enn du får i butikken, seier ho.

Takka vere eit stort drivhus og ein frostfri vinterhage treng dei slett ikkje nøye seg med hardføre sortar som poteter og gulrøter. Familien er sjølvforsynt med alt frå pasjonsfrukt til chili.

Annonse
VILLSAU: Sauene er av rasen villsau/gammelnorsk sau, og bidrar med både kjøtt og ull. Foto: Kjersti Busterud
VILLSAU: Sauene er av rasen villsau/gammelnorsk sau, og bidrar med både kjøtt og ull. Foto: Kjersti Busterud

Kardar, spinn og strikkar

I tillegg til at dei dyrkar eit rikt utval av frukt og grønt, får familien egg og kjøtt frå hønene, ull og kjøtt frå sauene og kjøtt frå kalkunar og ender. Det dei manglar av råvarer, byter dei til seg eller kjøper frå bønder i nærområdet.

– Det er tidkrevjande å drive småbruk, så ein er nøydd til å gjere nokre prioriteringar. Vi har til dømes valt å ikkje ha mjølkekyr, seier Lennert.

Mjølk hentar dei i staden frå ein nabo som driv økologisk mjølkeproduksjon, og bruker mjølka til å lage ost, yoghurt og smør. Mjøl kjøper dei frå ein bonde som satsar på gamle kornsortar.

Klede kjøper dei på butikken, unnateke strikka ullplagg.

– Eg klipper sauene, far min kardar, mor mi spinn og eg strikkar, smiler Liza.

Straum får dei frå solcellepanel på garasjetaket, men dei genererer ikkje nok straum til å dekkje forbruket i vinterhalvåret.

FULLTIDSJOBB: Liza Franke er småbruker på heltid. I tillegg holder hun kurs for dem som vil lære mer om å lage mat fra bunnen av. Foto: Kjersti Busterud
FULLTIDSJOBB: Liza Franke er småbruker på heltid. I tillegg holder hun kurs for dem som vil lære mer om å lage mat fra bunnen av. Foto: Kjersti Busterud

I takt med årstidene

Liza er ikkje i tvil om kva som er fordelane ved å leve sjølvberga.

– Det gir meistringskjensle å produsere sin eigen mat og å sjå utover den frodige kjøkkenhagen om sommaren. Dessutan smaker maten mykje betre når han er heilt fersk, påpeikar ho.

Ein annan ting ho set pris på, er å leve meir i takt med sesongane.

– Her innrettar vi oss etter sesongane både gjennom kva vi et, og kva vi gjer av arbeid. Om sommaren har vi masse energi og mykje å gjere. Når vintermørket kjem, har vi mindre energi, men då er det òg mindre arbeid.

Den største utfordringa med å drive småbruk er at det tek tid.

– Samfunnet er ikkje lagt opp til at ein skal lage mat frå botnen av kvar dag. Særleg etter at barna byrja på fritidsaktivitetar, har det vorte vanskeleg å få tida til å gå opp, seier Lennert.

LYKKEN: For Liza og Lennert har det vært en berikelse å leve tettere på naturen og sesongene.Foto: Kjersti Busterud
LYKKEN: For Liza og Lennert har det vært en berikelse å leve tettere på naturen og sesongene.Foto: Kjersti Busterud

Og sjølv ikkje småbrukarlivet er heilt sorglaust.

– Akkurat no har ein av sauene som fekk lam i vår, vorte halt. Det er slikt eg kan bli liggjande og tenkje på når eg har lagt meg om kvelden, seier Liza.

Vil du prøve deg på sjølvforsyning, meiner ho det ikkje er så mykje som skal til.

– Ein kan komme svært langt med nokre få mål. Ein kjøkkenhage på hundre kvadratmeter er meir enn stort nok for dei fleste.

Neste artikkel

OECD har utdatert landbrukspolitikk