Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Her er tilskota som Listhaug vil kutte

I statens tilbod til bøndene blir det kutta i alt frå distrikts- og husdyrtilskot til støtte for innmarksbeite, avløysing og frakt.

Tilskotskutt: Regjeringa tek til orde for ei rekkje kutt i tilskota. Foto: Colourbox

Tysdag la staten fram tilbodet i jordbruksoppgjeret. Staten tilbyr 90 millionar kroner, noko som skal gi 5900 kroner i inntektsvekst per årsverk.

Tilskota blir i tilbodet kutta med 110 millionar kroner, medan det blir opna for å ta ut 190 millionar kroner meir gjennom auka målprisar.

Mister direktetilskot

Kutta i tilskota er fordelt på ei rekkje forskjelliga postar, i tillegg til at ein del av tilskota blir omfordelt. Her er nokre av kutta og endringane som får følgjer for bønder.

Tilskota som går direkte til bønder blir kutta med 147 millionar kroner samla.

Kutt til innmarksbeite og kulturlandskap

Den største delen er knytt til areal- og kulturlandskapstilskota. Der er dei samla kutta på 88 millionar kroner.

18,4 millionar kroner er kutt i kulturlandskapstilskotet. Satsen blir redusert med litt over ein prosent til alle bønder.

I tillegg blir tilskota til innmarksbeite redusert med 52,4 millionar kroner. I dag får bøndene med innmarksbeite redusert tilskota per dekar med 40 prosent målt mot satsane for dyrka jord. Staten vil ha større reduksjon og føreslår ein faktor på 0,5 i staden for 0,6.

For ein bonde med 200 mål innmarksbeite i sone fem utgjer det eit kutt på rundt 8000 kroner i året.

Det er i dag over 1,5 millionar mål med innmarksbeite. Rundt ein firedel av innmarksbeitet er i Rogaland. Resten er spreidd over heile landet.

I tillegg blir løyvingsbehovet til areal- og kulturlandskapstilskot nedjustert med 17,2 millionar kroner. Det kjem truleg av at staten reknar med at meir jord går ut av drift.

Mindre driftstilskot til mjølk

Driftstilskota til mjølkeproduksjonen er ein av dei store pottane i jordbruksoppgjeret og viktig for økonomien til mjølkebøndene.

SAMLESIDE: Alt om oppgjøret

I motsetning til bondeorganisasjonane vil staten ikkje auke tilskotssatsane.

Den samla potten til driftstilskot til mjølk og ammekyr blir i staden kutta med 51,3 millionar kroner. Det nedjusterte løvyingsbehovet kjem av at staten ventar at mange bønder vil leggje ned drifta og at staten dermed sparar inn pengane.

Kuttar tilskot til svin, hest og fjørfe

Staten vil også kutte direkte i husdyrtilskota til fleire produksjonar. Svinenæringa får 13 millionar kroner i tilskotskutt. Tilskota per avlspurke vil staten kutte med 220 kroner per dyr over heile landet. I tillegg blir tilskotet per slaktegris føreslått kutta med fem kroner per dyr, noko som utgjer eit kutt på nærare 25 prosent.

Tilskotet til unghester under tre år blir føreslått fjerna heilt. I dag er tilskotet på 1000 kroner per dyr.

Distriktstilskotet for egg blir føreslått kutta med 22 øre per kilo til både Vestlandet, Nord-Norge og Trøndelag. Det gir ei innsparing på 4,7 millionar kroner.

Annonse

Pristilskotet til kylling og kalkun i Agderfylka, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal blir føreslått fjerna heilt. Tilskotet er i dag på 20 øre per kilo.

Mindre til avløysing

Satsane til avløysing for ferie og fritid vil staten halde uendra. Maksbeløpet er på 73.500 kroner i dag.

Samla reknar staten derimot med å spare inn 22,9 millionar kroner på avløysarordninga i form av redusert behov for løyvingar. Det kjem truleg av at ein reknar med nedlegging av bruk og at færre vil ha rett på tilskot til avløysing.

Like eins reknar ein med at behovet for løyvingar til tidlegpensjonsordninga går ned med 6,2 millionar kroner.

Fjernar frakttilskot og eng-erstatning

Av andre tilskot som blir kutta er frakttilskota til pelsdyrfôr, som bidreg til at bønder med pelsdyr i distrikta får fôr til dyra til same prisen som pelsdyrbønder i sentrale strøk. Det reknar staten med å spare 17,8 millionar kroner på.

Det er i dag i underkant av 300 pelsdyrbønder. Blir kuttet fordelt likt på alle utgjer det over 60.000 kroner i kutt per bonde.

Ordninga med tilskot til reperasjon av vinterskadd eng blir føreslått fjerna heilt. Det gir ei innsparing på 5,8 millionar kroner.

Tilskotet til potetstivelse blir kutta med 2,4 millionar kroner, tilskotet til avsetningstiltak til hagebruk blir kutta med 3,9 millionar kroner og tilskotet til semin blir kutta med 6,1 millionar kroner.

Kuttar investeringsstøtte

Staten føreslår ingen endringar i dagens pott til investeringar, såkalla BU-midler, som er på 528 millionar kroner per år. I bondekravet låg det inne ein auke på 20 millionar kroner.

Også makssatsen på 33 prosent blir føreslått vidareført, i motsetning til bondeorganisasjonanes ønske om ein trappetrinnsmodell der meir av investeringstilskota skulle gå til små og mellomstore bruk.

Ordninga med rentestøtte blir føreslått avvikla.

I tillegg blir det føreslått at løyvingane til Landbrukets Utviklingsfond, LUF, blir redusert med 24 millionar kroner og at 20,8 mill. kr av løyvingane for 2015 blir overført til å finansiere prisnedskrivning på korn.

Samla vil fleire endringar medføre at eigenkapitalen til LUF går ned med over 400 millionar kroner, frå 2027,5 millionar kroner i 2014 til 1607,1 millionar kroner i 2016.

Nokre tilskotspostar aukar

Blant postane som får auke er tilskota til råvareprisordninga for industrien, som får ein auke på 38,3 millionar kroner.

Tilskota til prisnedskriving for korn aukar med 64,1 millionar kroner. Det skal sørgje for at den føreslåtte veksten i kornprisane ikkje slår ut i auka kraftfôrprisar.

I tillegg blir kvalitetstilskota til storfekjøtt føreslått auka med 30 øre per kilo, noko som utgjer 13,5 millionar kroner i auka tilskotsbehov.

Neste artikkel

Lundteigen rasar mot bondetap: - Lurer folk